fredag, juli 20, 2018
Dagbok 2018: 20.juli
Klokka er 22.50, temperaturen er + 17 grader og vi har hatt enda ein fin dag.
I dag kan eg ikkje skryte av å ha gjort så mykje. Har vatna litt i hagen, klipt litt kantar etc.og så låg eg og las og sov på altanen ei stund.
Måtte ladde opp til kvelden og den store filmpremieren med "Mama mia-here we go again". Marit hadde ordna med billettar og ho køyrde. Vi trefte mange andre venninner på vår eigen alder, og vi konkluderte med at over 90 % av publikum var kvinner i alle aldrar, med hovudvekt på dei eldste og dei yngste. Eg har sett den første ABBA-filmen på TV og var sånn måtelig begeistra, så forventningane mine var ikkje skyhøge. Dessutan plagar den høge lyden meg kvar gong eg er på kino.
Men eg trur alle kosa seg i kinosalen i kveld. Filmen inneheldt ikkje så mange kleine historier, hovudvekta var på musikk, dans og show. Det var full rulle heile tida. Vi fekk sjå att dei tre fedrane som ikkje hadde tapt seg så mykje, og så kom bestemor Cher og song til /om Fernando. Jau, dette var fest, fart og humør. (Det ligg mange "trailarar" på nettet for di som vil sjå.) Mange av songane hadde eg ikkje høyrt før, men der var også mange av dei mest kjende. Heile filmen var eigentleg eit show-til å bli i godt humør av.
No skal eg finne meg litt mat, og så treng eg ikkje legge meg på lenge enno. No har eg sove skikkeleg i to netter+ at eg har sove på altanen, så det står ikkje på.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar