torsdag, juli 19, 2018

Dagbok 2018: 19.juli



Klokka er 20.10, temperaturen ute er + 20 grader C , det har vore sol og fint vêr i heile dag. Regnet som kom i går gjorde godt, men vætte ikkje langt ned i jorda.
I dag kan eg ikkje skryte av å ha gjort så mykje verken i hus eller hage.
Det første eg gjorde var faktisk å reinske opp i omnen og ta ut oska. Det har blitt brent litt rusk og rask der siste tida, så det trongst ein rens. Så var eg ute og fekk graset som låg fritt, opp i den nye "beholderen"-der det skal vere berre gras og ikkje anna rusk. Så har eg litt gjødsel til neste år, om eg treng det då. Prata litt med ei venninne i telefonen og gjekk her og rusla til Audun melde at han skulle komme i 14-tida. Då kledde eg meg om og venta på han.
Eg hadde lagt planar. Først skulle vi fylle bensin på bilen MIN og så skulle vi i Furene og handle etc. Eg tenkte vi kunne ete kinamat i Volda, men med det same vi skulle gå inn fekk eg eit flash back: Kinesarane har sommarferie ! Og det stemte. Det samme skjedde ein gong Nils og eg hadde gledd oss til kinamat.
Men eg skulle handle på Coop i Furene, og der er det også kafé. Men, som eg sa til Audun,: I Ørsta er torsdag ballj-dag. Og det var det. Og om torsdagane går dei gamle i Ørsta på kafé, og det stemte også.
Vi kunne fått anna mat om vi ville, men Audun ville ha ballj-så det blei det. Det var liten skilnad i pris på liten og stor porsjon, så eg bestilte like godt to store. No kan eg ete utruleg mykje viss det røyner på, men dette vart altså nok. To ballar høyrest ikkje så mykje ut for meg, men det var storleiken på dei som var utslagsgivande. Men maten var i alle fall, betre enn eg hadde frykta. Vi fekk melk til, og kunne fått kaffi etterpå, men kaffien fekk vente til vi kom heim. Eg handla på Coop-bunkra opp med brus og syltetøy. Så var vi innom AMFI og apoteket på heimvegen.
Etter at Audun hadde reist la eg meg ut på altanen med bok og pledd og sovna. Så no kan det hende eg greier å halde meg vaken utover kvelden. Eg fekk sjokk då eg såg at klokka var 8, men eg såg ikkje på klokka då Audun for, så eg veit ikkje kor lenge eg var ute. I alle fall vart det etter kvart kald vind.
I morgon skal Marit og eg på kino. Margrete, Svein og Erlend er på Malakoff. Det var i Malakoff vi leika den tida eg budde på Sandplassen på Eid. Og no er området blitt festivalområde-eller kva eg skal kalle det. Litt rart å tenke på.

Øvst oppe ser de Olaug Marie d.e. Her er Olaug Marie d.y. i ny genser som mora har strikka. Solveig strikkar den eine genseren føre og den andre etter. Eg forstår ikkje korleis ho får tid til det. Bildet er tatt på Flø.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...