Klokka er 19.10, temperaturen er + 15 grader C, sola skin og vinden blæs og Håkon målar. Han kom i 18-tida, og driv på med veggen mot sør, den som er aller mest slitt og blakna, der blir kontrasten større enn på bakveggen. Eg trur den veggen er tung og male, og eg trur den må ha to strøk. Eg har vore ute og skrapa litt, men no måtte eg kvile kneet litt.
Eg sov dårleg sist natt og vakna tidleg, og stod opp før halv åtte, det er tidleg for dei som legg seg så seint som eg. Det første eg gjorde var å gå ut og hente avisa, men referatet mitt var der ikkje i dag heller. Men eg gidd ikkje å mase på dei. Elles så plukka eg inn rabarbra og styrte på litt, før eg dusja og kledde meg om.
Ragnhild henta meg til avtalt tid og køyrde meg til banken der eg fekk god hjelp. Men jammen er det mykje å ordne opp i. Hadde vi hatt felles bankkonto så hadde alt vore enklare. Ho som hjelpte meg var så effektiv at eg vart sliten berre av å prøve å følgje med. ( Eg er visst litt gammal?) Eg fekk ei heil liste med folk eg måtte ringe eller sende brev til, så etter at eg kom heim vart eg sittande ved datamaskina og i telefonen ei heil stund før eg fekk legge meg ut på solsenga og slappe av.
Men før vi reiste heim var Ragnhild og eg på kafé og åt lunsj. Og så var vi innom Amfi, der eg fekk medisinane mine, og konvoluttar.
Håkon er flink å nøyaktig når han målar, eg har hjelpt til litt med å skrape vekk gammal, laus maling. Eg gler meg til huset skal bli ferdigmåla og fint.
Trur kanskje eg må vatne litt i kveld også, sol og vind er ikkje så bra for det som skal vekse. Men potetene trivst godt nede i jorda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar