onsdag, juni 06, 2018

Dagbok 2018: 6.juni



I dag fyller Olaug Marie d.y. 21år. Ho er framleis i Bergen, men snart er det ferie.
Eg gratulerer henne med dagen og håper ho har det fint.

Dette bildet av huset tok eg i dag tidleg. Håkon måla halve veggen i går, og det blei fint. Viss de forstørrar bildet får de eit betre inntrykk.

Her kan de sjå at sukkerertene spirer; dei skulle nok hatt meir vatn, men i dag var det gode grunnar for ikkje å atne, ikkje berre var eg låk i foten,her er delvis vatningsforbod, og så vart vatnet kopla av-ei stund i alle fall.


For dei som greier å sjå forbi ugraset er det mulig å sjå at potetene veks fint ved sidan av bringebæra. Når eg kjem meg i litt betre form skal eg ordne det litt finare.

Klokkebusken blomstrar fint no.

Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 17 grader C, det er sol og fint, men kald vind.
Sidan eg ikkje hadde noko spesielt å gjere no, tenkte eg at eg kunne skrive litt på bloggen.
Eg var i fin form i dag tidleg og fekk tømt eit par moldsekker og pynta på eit bed eller to, før eg tok ein tur ut gjennom gata, for å snakke litt med ein nabo. Ei anna nabodame kom også, men eg trur ikkje det ar derfor kneet mitt begynte å trøble. Det vart vondt å gå den vesle biten heim att.
Sidan eg likevel måtte ta det med ro, tenkte eg at eg fekk prøve å fylle ut nokre skjema til NAV.
Kor mange skjema frå NAV ligg der på nettet? Ikkje veit eg, det er ikkje få; eg fann eitt som eg trudde kunne passe, men for sikkerheits skuld ringde eg til Ålesund og trefte på ei hyggeleg dame, som sa at det var rette skjemaet eg hadde, og så fekk eg eit par tips til, så eg greidde faktisk å fylle det ut. Får eg det i retur så hyler eg. Veit ikkje kva det er med meg og skjema-men eg får hetta berre eg ser eitt. Mykje av føremiddagen gjekk med, for det skulle også kopierst etc. No har eg tre brev som eg må få posta snart. Men eg må ned på "Posten" og få frimerke. Det er SPAR som har post i butikk.
I dag kokte eg meg poteter til middag og år spekeskinke til, då går det vel med ei flaske brus i løpet av dagen/kvelden.
Silje, leigebuaren min, fekk ikkje liv i TV-en sin. Eg sjekka ledningane, stort meir er eg ikkje kapabel til, så eg kontakta vår tidlegare leigebuar, Helge, og han ville komme og sjå på saken. Det er ikkje berre berre å vere utleigar heller.
Eg låg ei stund på solsenga og las, men eg må ha sovna, for eg drøymde i alle fall. Det var kaldt å ligge ute i dag enda eg hadde eit pledd over meg, men eg synest det er gale å vere inne i finevêret også.Viss eg kunne jobbe på, hadde eg helde heten.
Marit G kjem ned ein tur i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...