mandag, juni 04, 2018

Dagbok 2018: 4.juni.

Rive ned-

-og bygge opp.

Eg fekk så mange minnebilde på FB her ein dag, noko som eg vart glad for, sidan eg har mist så mange av dei. Desse bilda er daterte 18.juli 2011. Som de ser vart det nytt rekkverk på altanen det året, og rekkverket er ikkje utslite enno, sjølv om eg trudde det var enda nyare. Det var Nils som var snikkar. Eg var handlangar, og så beisa eg dei fjølene som vart til ståande rekkverk, før Nils kutta dei opp. Eg var også med og vatra opp kvar einaste fjøl i det 19 meter lange rekkverket. 
I år driv vi, dvs. "gutane"(barnebarn) og målar huset. Men så må vi nok også til med ein snikkar som kan fikse rekkverk og bordkledning på vestsida av huset, så det blir mykje hus-styr i sommar. Det er Øystein som har vore administratør, så langt. Eg kan ikkje drive å plante, pynte og styre så mykje, så lenge som arbeidet pågår. Eg er glad for alt som blir gjort; mykje har stått "på vent" siste åra.

Klokka er no 21.10, temperaturen ute er + 12 grader. Det var hustre å stå opp i dag, no hadde eg vent meg til varmen. Eit lyspunkt var det at badegolvet var varmt for første gong på lenge. Og så var eg rimeleg bra i kneet mitt.
Rota med litt ymse på føremiddagen, sat mykje ved datamaskina og i telefonen, fekk ordna med mykje derifrå. Bestilte reseptar, støvsugarposar og time i banken, mellom anna. I morgon skal eg møte i "Sparebank 1" klokka 11.00, så får eg orden på papira mine, bankkonti, forsikringar etc. Eg er heilt blank når det gjeld slike ting - og så har eg skjemaskrekk. Derfor er det godt å få hjelp.
Elles vaska eg klede, rydda litt skap etc. heilt til temperaturen vart såpass at eg kunne gå ut og vatne. Kantklippinga sjølvslutta fordi eg vart tom for sen. Det vart også tid til ei lita stund på altanen før Solveig kom ca. 17.30. Ho hadde kjøpt med seg mold og gjødsel til meg. Heile 6 sekker med mold, sidan den var på tilbod. 
Vi var ein tur på Amfi, der eg fekk kjøpt meg sandpapir og sen til kantklipparen+ litt mat og medisin. Solveig skulle kjøpe klede, men fann ikkje akkurat det ho såg etter, så ho ville prøve Ulsteinvik i staden. Etter handelen drakk vi kaffi her i Starevegen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...