søndag, juni 03, 2018

Dagbok 2018: 3.juni

Klokka er 18.30, temperaturen ute er+ 19 grader, noko som verkar isande kaldt etter all varmen vi har hatt. 
Eg har gått her og rota åleine i heile dag, har ikkje snakka med eit menneske. Det er litt uvant- særleg merkar eg at Marit ikkje er heime.
På føremiddagen vatna eg i hagen og luka litt ugras m.m. men eg held ikkje ut så lenge, med det vonde kneet. Inne i hus merkar eg ikkje mykje til det.
Eg la meg på altanen med lydbok og låg og las ei stund før "middag", men då eg skulle ut att etter maten, var det vind og kaldt. No er sola borte og det er nokså skya, men det er ikkje meldt regn. Eg er ikkje heilt fornøgd med sukkerertene, men potetene veks godt- enda eg ikkje vatnar dei.
Sidan det ikkje var så fristande å vere på altanen gjekk eg like godt inn att og støvsuga alle teppegolva. Og etterpå vaska eg "rundt" på kjøkkenet. Eg har mykje eg kan gjere inne viss eg vil, men i finevêret har eg kutta ut husarbeidet.
Når det gjeld måling av hus, er det Øystein som administrerer, det er snakk om at Håkon og Eirik skal ta ein tørn no til veka. Når dei er ferdige med å male huset, har eg planar om å ta muren eit strøk. Det er eg som har måla den før også. Vi får sjå kva vi rekk før vinteren kjem.
Eg må komme meg på eit gartneri snart, skal kjøpe to nye rosebusker i staden for dei to som datt ut sist vinter-blant anna. 
Klokka nærmar seg 19, så eg får kanskje sett nyheiter i dag, som regel blir eg for sein.
Men først av alt burde eg vel finne meg ein fysioterapeut som kunne sjå på kneet mitt. Eg ville helst gå hos henne som eg har gått med før, men ho har ikkje hatt tid -enno. Her er for så vidt fleire eg har vore hos før, så eg kan no prøve dei. Eg har gått til mange fysioterapeutar for hofta mi, men ingenting hjelpte. Men hofta vart bra til slutt, mykje takka ein anestesilege i Volda, som driv smerteklinikk. Men han sa ein gong at knesmerter kunne han ikkje gjere noko med.
Det er litt trasig å gå her å halte rundt huset. Ville heller gått ein tur.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...