Nymåla hagemøblar og not over jordbæra.21.juli 2013.
Klokka er snart halv åtte og eg kom nettopp inn frå altanen. Temperaturmålaren stod på 22 grader C. Det har vore fint og varmt i dag også, men ikkje for varmt. Eg ligg på solsenga på altanen i alle ledige stunder, der er det ein liten bris , så eg synest det er behageleg temperatur. Eg er ute nesten heile tida, anten i hagen eller på altanen. I dag har eg vaska ei maskin med klede og bytta på senga mi, elles får husarbeidet vente til det blir overskya. Merkeleg nok blir eg verken brun eller solbrent.
Eg har eit lite prosjekt på altanen, eg skraper og pussar toppen av rekkverket. Eg har gjort det før, så det er Nils som har lært meg opp. Denne topp-planken er høvla material og har derfor lett for å skale av. Har også planar om å reingjere rekkverket på innsida før det skal målast. Elles overlet eg målingsplanane til Øystein og gutane, komande veke vil visst Håkon og Eirik stille opp.
I dag før middag klipte eg skråninga med oppsamlar. Det er 4.gongen eg klipper i år, men første gongen eg samla opp. Eg stilte opp klipparen så det ikkje skulle bli for snautt, men der er mange kvite bøter. Det skuldast mangel på vatn og gjødsel. Ut på ettermiddagen klipte eg oppe mot gata, det vart litt betre enn det var, men der er det lyse bøter etter dei blå russestjernene, blant anna.
Den tida Nils klipte plenane, tykte eg han var heilt opphengt i korleis det skulle vere og korleis det skulle gjerast. Eg meinte han la altfor mykje arbeid i vedlikehaldet. No er eg verre sjølv.
I tillegg til å klippe plenar, er eg også oppteken av å vatne. Eg kan melde at både potetene og sukkerertene spirer fint, og jordbæra blomstrar. Nils brukte å sette opp staurar og henge opp not over jordbæråkeren. Det gjorde eg ikkje i fjor, og kjem ikkje til å gjere det i år heller. Men eg har planer om å designe eit fugleskremsel. Eg tek med takk imot gode råd.
Eg stod på altanen etter utført arbeid og såg utover godset, då oppdaga eg at eg hadde gløymt å klippe graset mellom dei to jordbærsengene. "Nobody is Perfect!" Tenkte eg .
Til middag i dag vart det spekeskinke og eggerøre, eg et salt med vilje, slik at eg skal få i meg nok drikke.
Solveig nabo tilbaud meg handletur i dag, men eg har meir enn nok i lageret mitt, det minkar ikkje så mykje når eg er heime åleine. Det einaste som minkar er bruslageret.
Det har vore stille i gata i dag, mange av naboane er vekke, men Gudmund har vore heime og klipt plen. Plenen hans er nokre hakk finare enn min! Men det toler eg å sjå. No skal eg ta inn dyna mi som har hengt ute i heile dag, og så blir det vel litt TV i kveld også. Vi "misser" sola relativt tidleg her-før kl.21 i alle fall.
Kneet mitt er framleis vondt, men litt betre i dag enn i går.
I dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar