fredag, mai 04, 2018

Dagbok 2018: 4.mai

Klokka er 21.15, temperaturen er + 12 grader og det er overskya. På føremiddagen var eg ute i hagen og jobba aldri så lite, men eg sakna litt sol og varme, det er kjekkare å jobbe ute då.
Då det leid på fekk eg besøk av ei venninne som hadde med ein nydelig potteplantar. Veldig kjekt å få no når alle bukettane tek til å takke for seg. Vi drakk kaffi og prata om alle mulige ting. Vi var tidlegare kollegaer i mange år, så litt mimring vart det også.
Eg venta Solveig i 17.30 tida, så det vart ein liten pause til strikketøy og lydbok før ho kom.
Vi var først på Amfi, og Solveig gjekk med på å handle på Miss B i staden for der ho elles brukar å finne seg klede. Det vart to nye toppar i dag. Når folk skal gå pent ledd på jobb trengst det klede. Eg kjøpte ingen ting i dag, eg har bestemt meg for å rydde skikkeleg opp i skuffer og skap før eg ev. kjøper noko nytt. Her heime går eg stort sett i samme uniforma heile tida: Joggebukse + ulltrøye er jobbkleda mine.
Mat handla vi på Kiwi-butikken på Gamle meieriet, der har ikkje Solveig vore før.
Vi tok ein tur fram på gravplassen og tok sløyfene av kransane, så no skal eg sjå om eg får dei såpass reine at eg kan ta vare på dei. Det var Håkon som tipsa oss om at det var vanleg å ta vare på sløyfene før kransane vert fjerna.
Eitt problem har eg, og det er utfylling av skjema. Der er eg analfabet, og Solveig er ikkje stort betre. Det var Nils som hadde oversikt over det som hadde med hus og annan eigedom å gjere, så no veit eg lite og ingenting om t.d. verdien av huset. Han hadde ein tjukk perm med diverse papir-mens eg hater skjema i alle variantar. Men eg får søke hjelp.
No skal eg bruke resten av kvelden på TV, strikketøy og ev.bok. Først blir det MGP.
God helg.

1 kommentar:

Elin sa...

Det var ein nydeleg blome! I kveld tenkte eg på at det er dødsdagen til mormor Bella. Eg hugsar at det var eksamenstid i Volda, og at du og Nils kom med bodskapen til meg på Porse.....året var 1982.
Ha ei god helg!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...