søndag, mai 27, 2018

Dagbok 2018: 27.mai

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 22grader C no, klokka 15.00 var den +25grader, det er dei to gongane eg har sjekka. Det har i alle fall vore varmt og fint i heile dag, sol frå morgon til kveld. Eit lite skylag på himmelen no.
Eg har "gjort" veldig lite i dag. Var litt aktiv først på dagen, vaska opp litt, vatna plantar og plenar og leitte fram litt malersaker. For moro skuld begynte eg å skrape laus lause malingflak på altanen. Prata litt med Solveig nabo. sånn frå altan-til- altan.
Marit ropte på meg så eg sat oppe på platten hennar og prata ei stund. Då vart det tid for "middag". Eg likar desse einsame måltida mine, då eg kan ete akkurat det eg vil, same kor sprøtt det er. Men eg likar sjølvsagt å ha selskap også når det høver slik.
Mesteparten av ettermiddagen og kvelden, så langt, har eg lege på altanen med lydbok på øyret. Innimellom har eg sove. 
Sov dårleg sist natt, så eg var sikkert trøtt, men no blir det vel ny våkenatt fordi eg har sove på dagtid. Det gjer ingen ting.
Eg er oppteken av å nyte desse sommardagane, dei tek ein gong slutt og då får eg ta att det forsømte . No kjenner eg at eg begynner å bli svolten igjen, så då får eg raide kjøleskapet og sjå om eg finn noko spennande.
Bilde frå "festivalen (Einar sine bilde).








Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...