lørdag, mai 26, 2018

Dagbok 2018: 26.mai


Klokka er 21.20, temperaturen er + 14 grader og det er stilt. Dagen starta med skodde, men etter kvart kom det sol og varme.
Noko av det første eg gjorde i dag var å plukke inn rabarbra. Laga ei rabarbrakake som eg tok med til Hareid seinare på dag. Klokka 13 kom Einar, som hadde vore i Volda og sprunge rundt Rotevatnet. Håkon kom hakk i hæl, for dei skulle vere to om å male i dag. No er garasjen ferdigmåla og huset påbegynt. Det vart ikkje så lang arbeidsøkt i dag sidan alle skulle vidare til Hareid på Verdas minste poesifestival -"Under linda", som den heiter. Det er Øystein og Solveig som har arrangert dette i fleire år på plenen ved huset sitt, trur det var sjette gongen i år, men første gongen eg har vore med. Det var musikk, diktlesing og song, plussmat ,kaffi og drøs. Heile Hareids "kulturelite" var møtt fram, og der var også langvegsfarande folk frå Ålesund og Volda. Og Christine de Luca frå Shetland, som har vore der fleire gonger før. Alt var kjekt og alt var vellykka, med eitt unntak. Ein ubeden gjest: NORDAVINDEN, isande kald som gjekk til marg og bein. Somme innfødde hadde forstått at dei måtte kle seg godt, Einar stilte i boblejakke og hue. Øystein hadde skrive på FB at vi måtte kle oss godt, men vi som kom frå Ørsta og kjende på temperaturen her, vi forstod ikkje problemet - alle fall ikkje eg, så eg fraus, trass i strikkajakke og strømpebukse.
Margrete henta og bringa meg i dag, og på heimvegen handla vi begge på Rema 1000. Så no har eg fått fylt opp att i kjøleskap og frysar.
Takk til Solveig og Øystein for ein fin dag. Bilde frå hagefesten har eg ikkje, men eg reknar med at Einar og andre legg ut bilde på nettet.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...