mandag, mai 28, 2018

Dagbok 2018: 28.mai


I dag kom der "minnebilde" på FB. Det var kjekt, for etter at fleire datamaskiner har crasha, har eg mist mange bilde; eg har sjølvsagt ikkje sikra meg back-up. Blant bilda var dette frå Rjåneset. For lenge sidan, før det kom turveg utover, brukte Nils og eg å ligge på svaberga her og sole oss. Innimellom bada vi, og kvar halvtime for ferja forbi og laga store bølgjer. No er verken vi eller ferja der-men svaberga held stand.


Klokka er 18.50, temperaturen er + 22 grader i skyggen, men det har vore mykje varmare før i dag. Kanskje den varmaste dagen hittil.
Då eg stod opp i dag ,og langt utover dagen var det lettskya og lite sol, men likevel varmt og fint. Seinare kom sola fram.
Eg var ute og jobba litt i hagen først på dagen, raka og rydda litt- og vatna......med slangen. Då eg gjekk inn ein tur fekk eg melding på mobilen; det var ei påminning frå kommunen om at ein ikkje skulle bruke vatn til vatning av hagar. Det var altså ei påminning, men sidan eg ikkje hadde lese/høyrt om det før, handla eg i god tru. Eg for min del tru at det kjem regn snart, for det er så "lummert" som vi sa før, om slik varme som vi har no.
Sidan eg ikkje hadde noko spesielt som måtte gjerast tok eg like godt og vaska litt grundig på bad og kjøkken før eg laga meg til litt mat.
Solfrid kreftkoordinator ringde og ville høyre korleis det gjekk med meg, og eg måtte seie som sant er at eg har det heilt bra.
Eg har gått utan Calsium-tablettar ei god stund no, og dei tek eg etter påbod frå lege, så eg hadde litt dårleg samvit. Eg hadde andre ærend på apoteket også, og fann ut at eg kunne GÅ ned;og dersom frisøren hadde ledig, kunne eg få klipt håret med det samme.
Eg kom ned på Amfi i 1/2 4-tida, men der hadde eg flaks. Mandag og torsdag har dei langope til klokka 19 på frisørsalongen-elles stenger dei kl.16. Dermed fekk eg både klipt og farga håret etter alle kunstens reglar, og ser heilt alminneleg ut etterpå. Men godt å få ein meir sommarleg frisyre i varmen. 
Frisørdama kunne fortelje at Tor Larsen (Kokken Tor ) var onkelen hennar. Han døde av kreft kort tid etter at han hadde fått diagnosen. Han hadde kafé på Rjåneshamna, men har nyss opna ny kafe i Gågata. Eg hadde sett dødsannonsen i avisa. Nils og eg brukte å diskutere mat med han den tida vi handla på Coop på Amfi.
Eg treffer mange som vil kondolere, og i dag snakka eg ei heil stund med ei eg ikkje kjenner, men eg lest som. Til og med ein av ekspeditørane på apoteket kondolerte. Ho har vel sett meg så mang ein gong med store bereposar med medisin og visste kven eg var.
Eg gjekk heim att også, så i dag har eg fått nok mosjon. Eg ville lyge om eg sa at kneet er bra, men det er ikkje vondt når eg sit i ro, så i kveld blir det å sitte med føtene høgt.
I morgon vil Einar komme ein tur innover, han skal snart reise til Oslo. 
Amanda fyller 18 år i morgon, så då blir ho myndig. Ho har forresten vore ei myndig DAME heilt frå ho var lita. 
Vi er nokre i familien som er født i "runde"år, og dei er det lett å halde orden på- dvs hugse alderen. Det er Ingar, født i 2010, Amanda, født i 2000, Audun, født i 1990 og eg sjølv, født i 1940. Dette heldt eg på å lære Ingar då han var her, spørs om han hugsar det.
Margrete blir snart eit halvt 100 år, men har tenkt å vere vekkreist på dagen. Det har vore mange samkomer denne våren, så eg forstår det godt.
Onsdag skal eg på pensjonistmøte, det er siste møtet før ferien.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...