onsdag, april 04, 2018

Dagbok 2018: 4.april

Klokka er22.15, temperaturen er minus 3 grader C, og sist natt var det enda eit snøfall. Vi har hatt lite snø i vinter, men å få den no set eg lite pris på.
Foten min er framleis vond, så eg kan ikkje gjere store sprell, men det går bra å sitte i ro. Det ar kanskje det Solveig tenkte på då ho kjøpte garn og mønster til ei kofte som eg skal strikke til meg sjølv. Hadde litt problem med å komme i gang, men heretter trur eg det går bra.
Eg ville sjølvsagt ut til Nils i dag også, har ikkje fred i sjela om eg ikkje er der. Eg venta litt før eg bestilte Taxi klokka 16.30. Hadde ikkje før bestilt før Margrete ringde og sa at ho var på veg heim frå Ålesund, så ho kunne frakte meg. Ho kom opp på rommet til Nils då eg var der og vi prata ei heil stund. Nils berre sov og sov. Han var vaken litt innimellom og heilt klår, men sovna fort igjen. Han hadde ikkje vondt nokon stad, så dei har vel gitt han rikeleg med medisin.
Vi har to spesialsjukepleiarar som har ansvaret for han, og i kveld sat Marit og eg og prata ei stund før eg tenkte meg heim. Eg var ikkje sikker på korleis det eigentleg stod til, så eg ville vite om eg kunne fare heim, eller om eg skulle bli der i natt. Ho trudde ikkje det kom til å skje noko, han var ikkje der enno, meinte ho. Men dei har beskjed om at dei kan ringe meg til alle døgnets tider, og om han skulle sovne inn utan at eg er der, så er heller ikkje det ein katastrofe. Det er fint å ha desse sjukepleiarane å snakke med, dei veit kva det gjeld og dei er ærlege.
Eg hadde ikkje ordna med skyss heim i kveld, og kan eg ikkje. Så det vart ei melding til Gudmund denne gongen også. Han hentar meg så gjerne. Og takk for det.
I morgon skal eg etter planen ha telefonsamtale med legen min når det gjeld foten/kneet. Håper ho har ein lur plan. Kva tid på dag ho ringer veit eg ikkje. No skal eg ha meg litt mat og så skal eg strikke-det er enno lenge til leggetid her i huset.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024 .27.november

 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...