tirsdag, april 03, 2018

Dagbok 2018: 3.april

Bildet er tatt av Gry Juel Engeset. Der kan de sjå raset som har gått frå Vallahornet.


Klokka er 21.50, temperaturen ute er + 1 grad C, det har vore opplett, men ikkje sol i dag.
Eg vakna tidleg i dag, og då var kneet mitt så vondt at eg tok to smertestillande og låg ei stund til, og då kunne eg stå opp smertefri. Eg har oppdaga at eg har det ikkje vondt når eg held meg i ro, så i dag prøvde eg det. Sette meg i godstolen med lydbok og strikketøy- og eg kan ikkje fordra å sitte i ro på føremiddagen! Då vil eg "styre" med noko skikkeleg arbeid. Foten var imidlertid bra, så planen funka. Eg måtte ringe fire gonger ned på legesenteret for å komme gjennom, men eg lykkast til slutt. Bestilte telefon frå legen min på torsdag, ho kom ikkje på jobb før. Dei må no vel finne ei råd for den foten min?
Då det leid på dag gjorde eg meg klar til å fare ut til Nils, eg kan like godt sitte der som eg sit heime. Ragnhild skulle stad og handle, så ho plukka meg opp. Eg fekk også ein tur på apoteket for å kjøpe tablettar. Det er så tøvete, ein får kjøpt berre to esker med Paracet om gongen, men kven hindrar meg i å gå inn på matbutikkane og kjøpe ei eske på kvar? Viss legen skriv ut resept får eg boksar på 100 tablettar. Det hadde Nils då han var heime, men eg bar all medisin som han hadde til overs ut på Heimen.
I dag sov Nils då eg kom, det gjer han ofte. I dag hadde han fått morfin, så då vil han berre sove. Men eg fekk no litt liv i han, og han var klar i toppen, berre trøtt. Var visst trøtt eg også, for etter kvart sov vi begge to. Han i senga, eg i stolen. Seinare hjelpte eg han med å få i seg kveldsmaten, og det gjekk fint. Ein av grunnane til at eg er der såpass mykje er at eg kan hjelpe han litt. Men mest er eg der for mi eiga skuld, roar meg ned når eg er der, i staden for å gå heime å lure på korleis han har det. Eg ser no litt TV også dersom det høver slik. I dag såg eg eit fint hage-program. Håkon kom val halv 9 og køyrde meg heim. Eg passa på å sende med han melk som var til overs her, og utnytta han til å skifte nokre lyspærer i ein vanskeleg lampe. Så drakk vi kaffi og åt av kjeksa som Margrete hadde med i går. Så vart det litt meining i denne dagen også. No har eg strikka ferdig lestane eg hadde begynt på før eg fekk koftegarnet, så no kan eg legge opp og begynne på eit storarbeid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024 .27.november

 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...