..................................................................................
Eg brukar å like bøkene til denne forfattaren, og eg likte vel denne også, den er på berre 4 CD-plater, så eg trur eg kjem til å lese den om att. Det er blitt veldig populært å skrive bøker om foreldra sine, spesielt mødrene.
Eg las siste delen av boka på Heimen i dag. Der var mora i boka dødssjuk av kreft og låg på ein sjukeheim der ho døde. Ikkje direkte oppløftande.
Når eg vil lese mykje av boka om att er det for å få med meg meir, for denne forfattaren fortel ikkje alt i klartekst, noko må vi finne ut sjølve. Eg har m.a. lese boka hans "På vei til en venn" to gonger fordi det var noko eg grunda på. Han er før øvrig gift med Linn Ullmann.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar