torsdag, april 05, 2018

Dagbok 2018: 5.april



Klokka er no 21.30. Temperaturen ute er + 1 grad og det regnar. Det skal visst komme betre vêr etter kvart. No lengtar eg etter vår.
I dag var det så vidt eg kom meg opp or senga, kneet var verre enn nokon gong.Det vart ikkje så mykje betre utover dagen heller, men Paracet hjelper no litt.
I dag sette eg meg rett ned i godstolen og strikka. Eigentleg likar eg ikkje å sitte så mykje i ro, i alle fall ikkje på føremiddagen, men må man så må man. Eg kom no eit stykke opp på kofta mi, det er relativt tynt garn, så fort går det ikkje. Og så fekk eg lese om att det meste av "Mor om natten" på samme tid. Eg venta på at legen min skulle ringe, og det gjorde ho, etter at kontoret var stengt.
Eg sa at tablettane eg hadde fått virka ikkje mykje og lurte på om ho hadde andre råder. Det var fysioterapi-det einaste ho kunne anbefale, i og med at dei ikkje hadde funne noko på røntgen. Så no får eg prøve det, då. Har vore til fysioterapeut mange gonger,; somme gonger har det hjelp, andre gonger ikkje. Legen trudde det var slitasjeskade -og det trur eg også i og med at det kom så brått.
Gudmundkøyrde meg ut på Heimen i dag, og Håkon henta meg. Eg har mange gode hjelparar, og det trengst.
Nils var vaken då eg kom i dag, og han tykte det var kjekt at eg kom att, som han sa, for det var visst litt kjedelig. Ja, han brukte ikkje det ordet. Men eg forstod snart at forma ikkje var så bra som det først såg ut til. Han hadde ikkje ete middag i dag, det var ballj og det er han ikkje glad i, men han hadde fått tilbode om andre ting, som han heller ikkje ville ha. Då dei kom og baud han kveldsmat, var han ikkje sikker på om han ville ha det heller, men eg bestilte to halve skiver med syltetøy+ kniv og gaffel. Eg skar opp og hjelpte han å ete, og alt gjekk ned. Då sjukepleiaren såg det, sa ho at ho forstod at dei måtte hjelpe han litt meir. Dei har ikkje lov å tvangsfore pasientane, men dei kan o mate dei. Det er ikkje SÅ enkelt å ligge i senga og ete.
I kveld må eg vaske litt klede, det er stort sett ulltrøyene til Nils som er ofte på vask, dei er vel snart utslitne av all vaskinga, men eg har sagt at dei må byte så ofte dei vil, han skal ikkje ligge der å føle seg uvel i sveitte og tilsølte klede.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024 .27.november

 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...