Klokka er 21.20, temperaturen + 2 grader C, det er skya men opplett, litt sol har vi også hatt i dag. I dag tidleg var det kome ny forsyning med snø, og den ligg på tunet enno. Vegane er berre.
Eg vakna med voldsom verk i foten tidleg i dag, men eg stod opp og tok tablettar, sette på varmeteppet i senga etc.og greidde å stå opp for alvor litt seinare. Resten av dagen har eg vore relativt bra, for eg har sete mykje i ro. Men har ikkje strikka så mykje enno. Fekk nokre gode råd av Solveig, som hadde strikka seg enda ei ny jakke.
Det har på mange måtar vore ein sosial dag for meg, har snakka med mykje folk, somme dagar snakkar eg mest med meg sjølv.
Ambjørg, venninna mi i Bergen , ringde på føremiddagen og vi hadde ein lang prat, i fasttelefonen. Mens vi snakka ringde mobilen, og eg var på alerten i tilfelle det var frå Heimen dei ringde, så det vart ein brå slutt på samtalen med Bergen, håper Ambjørg unnskylder det. Den som ringde var imidlertid svigerinne Bodil, så då vart det enda ein hyggeleg prat. Ei av nabodamene kom innom for ein liten prat, ei anna kom med posten til meg. Eg er så overvelda over at alle er så snille og hjelpsomme og tenker på meg i ei vanskeleg tid.
Så kom det enda ei venninne og køyrde meg ut på Heimen, det var avtalt. Eg var der ute frå 16-20 i dag, men Nils sov heile tida. Dei hadde gitt han morfin og då har han det bra, han er smertefri men trøtt. Dei steller godt med han, men det er ikkje noko håp om at han skal bli betre. Det er berre eit spørsmål om tid. Eg snakka med legen også i dag, og elles har eg god kontakt med sjukepleiarane. Ei dame som vi begge kjenner kom også på besøk til Nils, men fekk berre snakke med meg.
Solveig kom innom ca. 19.30 og vi vekte Nils såpass han fekk sjå henne, men då vi spurde om vi skulle vere der eller om han ville sove, så ville han sove. Solveig køyrde meg heim, ho hadde også handla litt til meg, det var ikkje så mykje eg trong i dag.
Eg slappar bra av når eg er heime, for på Heimen har dei lova å ringe viss det blir krise. Dessutan er det ikkje noko eg kan gjere til eller frå - men eg kan vere der.
Så håper eg at alle får ei god helg. Eg reknar med at Margrete kjem ein tur i morgon.
Husarbeid kan eg stort sett berre gløyme, men her er ikkje så mange som rotar , så det går bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024 .27.november
Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar