Klokka er 20.50, temperaturen er + 3grader C og det regnar. Ikkje samme fine vêret som vi hadde i påska, men vi treng litt mildvêr for å få bort snøen som enno ligg att. Det har tross alt vore ein lang vinter-om vi ikkje har hatt mykje snø.
Føremiddagen i dag sat eg stort sett med beina høgt og strikka, og trudde det var sundag, slik eg vanlegvis gjer om laurdagane. Hadde på Tv-en utan å sjå så mykje.
Margrete og dei to yngste kom i 14-tida. dei hadde kjøpt med seg kaffimat, blant anna store aniskringler, så det vart eit par timar med mat og prat før vi for ut til Nils.
I dag var han vaken, og ikkje dopa, så vi kunne snakke med han og få viselege svar. Det er alltid kjekt å få skikkeleg kontakt med han, det skjer ikkje kvar dag. Men han blir fort veldig sliten, og då må han sove litt. Margrete og barna var der berre ei kort stund, men eg var der til klokka 20, då kom Marit og henta meg, som avtalt.
Kvar morgon når eg vaknar er eg i villreie om kva dag det er, kva avtalar eg har og korleis logistikken er. Dette var noko som kom då foten svikta, før den tid var alt greitt. Men eg har ingen ting å syte over, her er hjelparar i kvar ei krå.
Margrete kom med fleire lydbøker som eg skal rippe. Det var kjærkome, for den eg så vidt har begynt på var ikkje så fengande. Og så skal eg ha meg litt mat. Der er litt aniskringle att....
Eg veit at mange les bloggen min, for å vite korleis det er med Nils. Det at eg skulle orientere på denne måten var noko vi diskuterte oss imellom og vart samde om mens han enno var nokså oppegåande. På den måten blir dei som er interesserte vite korleis det står til utan å måtte ringe og spørje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar