søndag, april 08, 2018

Dagbok 2018: 8.april

Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 5 grader C, og det regnar nokre få dropar. Bildet tok eg for ei lita stund sidan, men det same eg kom heim. I dag køyrde eg både fram og tilbake i ein raud Opel, med Marit fram og Torbjørn tilbake
Nils var ikkje dopa i dag, så det gjekk bra å snakke med han, men han høyrde ikkje godt, og snakka litt utydeleg. Men han snakka fornuftig. Eg plar ha eit kontrollspørsmål kvar dag; eg spør om han veit at eg er låk i foten. Men i dag kom han meg i forkjøpet , for det første han sa var: Du er låk i foten!
Elles så spurde han om det var i dag det var basar. Margrete fortalde i går at Erlend skulle spele på ein basar. Eg hadde gløymt heile basaren, men det hugsa han. Sjølv om han var klår i toppen var han trøtt og slapp; noko anna er vel ikkje å forvente. Men eg saknar humoren og det lette humøret han alltid har hatt. 
Elles har eg vore heime åleine heile dagen-til klokka 16. Det er sant å seie ikkje mykje eg har gjort. Sov lenge i dag tidleg, var ikkje oppe før nærmare ti, men la meg ikkje før klokka 2 i går kveld, så det er ikkje så gale likevel. I går kveld vart eg sittande å sjå "Bølgen" for andre gong, dvs. eg sat og strikka og kika på TV av og til. Får ofte veldig mykje energi etter midnatt.
Elles hadde eg ein klesvask å brette, og så fekk eg farga håret mitt-alt tek si tid. Det einaste eg ikkje brukar tid på er matlaging-der gjer eg det enkelt. Lagar aldri middag til meg sjølv, men et ei skive med salt pålegg eller liknande. Det har eg ikkje gjort i dag, så no blir det "middag" til kvelds.
Har allereie fått tilbod om køyring i morgon, så alt ordnar seg. Veit ikkje korleis det går med "foten", men ein ting er sikkert, det hjelper veldig godt å sitte i ro,- men det kan hende eg må ta fram støvsugaren snart-det går bra det også.
I dag kan eg gratulere svigerinne Mimi med dagen!

NB: Det var basar i dag, Erlend og kameraten Håkon spelte; Erlend slagverk, Håkon gitar.  Dei var flinke!
Erlend og Håkon, begge med bestefedrar frå Bjørneset. Erlend spelar både bassgitar og slagverk, men det er vel Håkon sin gitar han held på bildet?

1 kommentar:

arieldog sa...

Begge spelar bassgitar, slagverk og litt gitar. Dei skiftar på kven som spelar kva og har det kjekt med å komponere og spele inn.

Dagbok 2024: 14.mai

Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...