mandag, april 09, 2018

Dagbok 2018: 9.april


Slik ser det ut i hagen i dag. Mykje godt arbeid å sjå fram til.

Klokka er no 21.00, temperaturen er + 4 grader, det er skya, men opplett. Og i dag føler eg at våren kjem sigande. Eg kom nyss heim, Ragnhild har frakta meg begge vegar i dag.
Eg kom ut til Nils i 16-tida og då heldt han på med middagen, med god hjelp frå ein pleiar. Men det var ikkje mykje han fekk i seg. Han var ikkje omtåka av medisin i dag, han var heilt klar i toppen, men høyrde veldig dårleg. Det er nokså merkeleg med den hørselen , somme dagar høyrer han godt, andre dagar nesten ingen ting. Så då må eg sitte attmed senga og rope til han.
Men har var trøtt og måtte ha seg ein middagslur; eg hadde lydbok og så sov eg litt, eg også. Etterpå prata vi om diverse emne, og så såg vi nyheiter. Dei kom med kveldsmat, men det var ikkje mykje han åt, han blir kvalm av mat enda han får kvalmestillande tablettar. Etter kvart vart han veldig trøtt igjen, så då Ragnhild sende melding om at ho ville hente meg, foreslo eg 20.30. Sidan Nils var så trøtt briefa pleiarane om at dei kunne gi han kveldstablettane, så han fekk legge seg å sove.
Det blir litt meir meiningsfylt å besøke han når vi kan snakke "fornuftig" saman.
Ragnhild skal på ein tur i morgon også, så då køyrer ho meg ut på Heimen klokka 16.Reknar med at Håkon hentar meg heim, det er siste kursdagen hans i morgon.

Eg kontakta fysioterapeuten i dag, men ho hadde fullt opp. Det er der Marit nabo går, så eg tenkte vi kunne fare i lag, men om eg må ty til ein annan terapeut, har eg rett på taxi fram og tilbake. Eg er litt betre i foten, så i dag fekk eg støvsuga om ikkje anna, elles er eg heilt bra når eg sit i ro. Fordelen er at eg får strikka litt. Men viss det blir fint vêr i morgon kjem eg til å begynne å rake plenane på oppsida, der er det fullt av singel og sand.
I dag vil eg gratulere nabo Janne med dagen! Har kjent henne sidan ho vart fødd.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...