tirsdag, april 10, 2018
Dagbok 2018: 10.april
Klokka er no snart 21.30, temperaturen er + 4 grader C, tidlegare i dag var det ganske mykje varmare og nydeleg vêr. Eg gjekk litt rundt huset og sjekka opp diverse som må gjerast-det trengst berre at eg blir bra i foten! Eg er faktisk litt betre, så kanskje tablettane virkar på sikt. Eg tek ikkje så mykje smertestillande som før.
I dag tok eg meg saman og vaska bad og kjøkken, det gjekk relativt bra. Ragnhild skulle køyre meg ut på Heimen i dag, først var det bestemt klokka 16.00, men så ville ho komme ein halvtime før.
Det vart ein litt trasig ettermiddag og kveld; Nils hadde fått Oxycodone og sov nesten heile tida. Dei heldt på å gi han middag då eg kom, men han berre sovna. Eg sa at dei berre kunne ta maten ut, men la desserten stå att. Og den åt han. Til kvelds åt han ei skive pluss eit glas surmelk, men det var lenge etter vanleg kveldsmattid. Eg går berre ut på kjøkkenet, så lagar dei til på bestilling. Mat kan han få når det passar han, heile døgnet. Og eg trur dei set pris på at eg overtek litt av matinga. Han var vaken innimellom og var ikkje omtåka, men eg merkar at det er travelt for han å snakke, så det blir minimalt med prat. Då Håkon kom, bad han med spørje kvar Audun var. Han tenkjer mykje på barnebarna. Det eg saknar mest no, er humøret som (nesten) alltid har vore på topp- no er han "tung". Og eg forstår det så godt.
Eg var litt handikappa på Heimen i dag. Eg hadde lagt att mobilen heime, det er slikt som skjer når eg bytter bukse, har den alltid i bukselomma. Nils sin mobil var slått av, eg kan ikkje koden for å låse opp, og Nils hugsa den ikkje. Heldigvis kom Håkon og køyrde meg heim.
Eg har ikkje strikka så mykje i dag, men kvelden er enno ung.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dargbok 2025: 13.desember
Klokka er no 21.44,temperaturen ute er + 6 graderC, det er overskyaog dei melder regn. Inga kvit jul i sikte altså, men eg er veldig fornøgd...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar