fredag, februar 16, 2018

Dagbok 2018: 16.februar

Klokka er 22.25, temperaturen ute er + 1 grad, det har regna litt og sludda litt,  det har ikkje kome store nedbørsmengder, men isen held seg veldig godt somme stader.
Det er snart ein halv time sidan eg kom heim, då hadde eg vore ute på rek sidan klokka 11.30. Kan ikkje nekte for at det er godt med eit par-tre timar heime åleine om kvelden.
Eg var først til synskontroll hos Specsavers, noko eg brukar å ta ca.kvart 5.år. Som regel plar eg gå opp eit hakk i brillestyrke, den var ikkje heilt nødvendig no, så eg kan vente litt om eg vil, til anten glasa eller innfatninga ryk på dei eg har. Ein heil time tok kontrollen. No tok eg kontrollen i samband med at eg skal fornye førarkortet. Eg fekk skjema som eg tek med til legen.
Det var ingen vits i å gå heim før eg gjekk ut på Heimen, men eg var ein liten tur ned på Amfi, der eg mellom anna kjøpte meg eit beger med salat.
Eg kom opp til Nils i 14-tida, så det vart lenge nok både for han og meg i dag. Han hadde fått Ocxycodone om morgonen, og var rimeleg bra då eg kom. Eirik ringde og spurde om han kunne komme innom, og då ville Nils ha meir medisin, noko han fekk. Han hadde vondt i hofta. Aberet med medisinen er at han blir nokså sløv, og snakkar utydeleg, på samme tid som han høyrer dårleg. Han er eigentleg heilt klar i toppen, men det ser ikkje alltid slik ut.
Legen var innom i dag, og ho beordra meir smertelindrande plaster, så då klarer han seg kanskje med mindre medisin. Ho såg også på øyrene hans, og det eine er tett-men han skulle vel høyre på det andre. Det med hørselen plagar han mykje, for han får ikkje med seg alt som folk seier. Men han er ganske godt orientert om det som skjer i verda, for når han er åleine på rommet har han VELDIG høgt på TV-en. 
Men han åt opp all bacalaoen han fekk til middag og syntest det var godt. Og så sov vi sjølvsagt middag begge to.
I løpet av helga må eg skrive årsmelding, og så får vi sjå kva som elles dukkar opp. Fredagane kjem veldig tett no for tida, vekene går fort. God helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....