lørdag, februar 17, 2018

Dagbok 2018: 17.februar



Klokka er 14.45, temperatuten er + 6 grader, det er skya og opplett. No skal eg gå ut til Nils om ei lita stund.
Eg har stort sett vore heime på føremiddagen i dag. Har skrive nesten ferdig "Årsmeldinga" for pensjonistlaget, så var eg ein tur på butikken og handla inn litt mat. Har ikkje høyrt frå Nils i dag, så eg er spent på korleis det står til.Skal skrive meir i kveld.
Klokka er no 22.00, temperaturen ute er + 4 grader C, det er overskya, opplett og ikkje eit vindpust. Eg kom att frå Heimen for ca. 20 minutt sidan.Eg gjekk utover litt etter klokka 15. i dag. I går vart det visst litt for langt besøk, så eg gjorde det kortare i dag. Nils har fått auka styrke på smerteplaster, noko som gjorde at han var veldig slapp. Men han hadde ikkje smerter når han låg i ro, og han slapp å ta Oxycodone. Han likar ikkje så godt å ta dei tablettane, for han føler at han blir litt "rotete" oppi hovudet av dei. Då vil han heller vere slapp og sløv-men klar i toppen. I dag sov han middag veldig lenge. Eg sov ei stund også, med lydbok på øyret, men kor mykje som sit att veit eg ikkje. Elles åt vi kveldsmat i lag, og såg litt TV, men eg trur han var glad for at eg gjekk relativt tidleg heim, så han fekk legge seg å sove igjen. Men som ho sa sjukepleiaren også: "Det viktigaste er at han ikkje har det vondt." Men eg håper han blir mindre sløv når han får vent seg til plasteret.
No skal eg slappe av litt, med TV og strikketøy. Og littmat.
I dag fyller barndomsveninna mi 78 år. Men eg fann ikkje att e-mailadressa hennar så eg fekk sendt ei helsing. Men eg veit at du er innom bloggen av og til, så: Gratulerer med dagen, Ambjørg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...