søndag, februar 11, 2018

Dagbok 2018: 11. februar. Fastelavn og morsdag


Klokka er 13.50, temperaturen er + 2 grader og no har det begynt å snø igjen, eller sludde får eg vel heller seie. Eg skal snart ut og vandre, på vegen som de ser Det er stort sett bert her, men is og snø lenger ute i gata.
Eg skal tilstå at eg har sete mykje ved datamaskina i dag, noko nyttig har eg gjort, men ikkje alt har vore like naudsynt.
Elles har eg no styrt litt i huset, ikkje mykje, men satsar på at sundag er kviledagen.
Eg har ikkje høyrt frå Nils i dag, så eg er litt spent på korleis det står til i dag også. Håper han er rimeleg bra. Eg laga meg eit ostesmørbrød, det får vere middag i dag. Eg har god appetitt og er ikkje så nøye på kva eg et. Men å lage middag til berre meg sjølv, det skjer ikkje ofte. I dag har eg tenkt å openberre meg i den nye strikkejakka mi-då sperrer dei vel opp augo der ute. Skal skrive meir når eg kjem att i kveld.
Nabojenta Turid fyller 50 år i dag. Ho og Margrete gjekk i samme klasse på skulen. No bur Turid i Oslo.
Klokka 21.35: Temperatur o grader C, opplett.
Kom nettopp inn døra, har vore hos Nils sidan klokka 15. Han var ikkje i form i dag, slapp og appetittlaus. Han kom seg litt utover dagen/kvelden. Han har hatt mange slike nedturar, og har kome seg til att. Eg håper han gjer det denne gongen også. Han er klar i hovudet, så det er greitt å prate med han, men han plagast med hørselen. Vi såg Farmen kjendis i lag, men no får vi sjå finalen kvar for oss.
Eg hadde på meg den nye jakka i dag, den var varm og god.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...