Klokka er 22.20, ute er det fint lettskya vêr, måneskin og minus 5 grader. Må vel kalle det fint vintervêr. Eg gjekk frå Heimen ca .21.30, så det er ein halvtimes tid sidan eg kom heim. Såg at bilen til Silje stod på tunet, så eg var ned til henne med ein pakke som har lagt her sidan før jul. Kjekt at ho er komen heim, så er vi to i huset.
Hadde ingen planar for føremiddagen i dag, anna enn at eg skulle gjere ferdig eit lestepar. Men så fann eg ut at eg ville rydde ut "JULA". Ikkje har det vore så mykje julefeiring her i år, og ikkje er eg i julestemning heller. Rydda vekk alt som minner om jul, med eit par unntak. Gardinene med stjerner på skal vekk i morgon.
Fekk både strikka og lese ferdig boka mi, og så fekk eg hyggelig telefon frå ei barndomsvenninne. Vi sat i lag på samme pult då vi begynte på skulen, sju år gamle, og har halde kontakten sidan. Det blir alltid mimring om barne -og ungdomstida på Eid når vi pratar med kvarandre.
Margrete ringde og ville komme innom ein tur, så då vart det litt mat og kaffi før Margrete køyrde ut til Ørstaheimen.
Eg var litt spent på korleis det stod til med Nils i dag, for han ringde ikkje heim før middag, slik han plar gjere når han er nokolunde i form. Eg hadde sendt også SMS til han, som han ikkje hadde svart på .
Han sov då vi kom, og det var tydeleg at han var sløv og trøytt. Dei hadde visst vekt han tidleg i dag for å ta morgonstell etc. Det hadde sikkert blitt for travelt for han. Før klokka 13 er han ikkje mykje tess. Slik var det då han var heime også. Margrete vart ikkje lenge, ho skulle på eit møte. Og så venta vi Solveig og Olaug. Nils kvikna no til litt etter kvart. Han åt litt middag, og seinare to halve skiver til kvelds. Systera hans ringde og han prata med henne, han er heilt klar i toppen når han er skikkeleg vaken. Etter at alle var reist tok han seg ein lur mens eg såg TV, og då kvikna han til. Vi såg nyheiter, diskuterte og prata ; før eg gjekk fekk han pussa tenner og eg sørga for at puter og dyner etc. låg som dei skulle. Han begynte å sjå på klokka før kl.21 så eg tok eit hint.
Når eg skriv så detaljert er det for å illustrere kor slapp og dårleg han eigentleg er. Han vil ikkje gramme seg og syte over tilstanden, derfor tek han seg veldig saman når han har besøk. Om det går berre ein veg kan eg ikkje seie noko om, men dei to siste dagane har han vore veldig kraftlaus. Men eg håper jo sjølvsagt at han skal få fleire gode dagar.
Viss eg ikkje tek feil, så er det fødselsdagen til Arne på Kongsberg i dag. Viss det ikkje er for seint vil eg gratulere.
Dessutan er det dåpsdagen til Rasmus og halvtårs-dagen til Solveig. Den dagen Rasmus vart døypt var Solveig 1 1/2 år. Det begynner å bli ei stund sidan.
No skal eg ete litt, rydde litt og så har eg tørketrommelen på, så det kan drøye litt før eg finn senga i kveld også.
Ja, og så har eg visst bøker å rippe.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 22.november
Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Vi har feira pappa med 2 bløtkaker og mange andre kaker. Nå er vi akkurat ferdig med å måke snø. Det laver ned i store mengder, pent men slitsomt. Kanskje vi gikk i null i kaloriregnskapet.
Ja, eg snakka om det før jul, før snøen kom, før Nils flytta, at eg skulle hatt litt snø så eg fekk mosjon. Greitt med snø viss det ikkje kjem så mykje om gongen. Og reint og fint både ute og inne.No får eg mosjon om det ikkje snør. Daglege turar til Heimen.
Legg inn en kommentar