søndag, november 05, 2017

Dagbok 2017: 5.november

Klokka er ca. 19.00, utetemperaturen ca. +4 grader C ; det har vore skymt/mørkt i heile dag og det har regna.
Eg har gått og kjent på noko nede i halsen eit par dagar, og i dag tidleg meinte eg det var alvor: NO var eg forkjøla. Det er ikkje noko er bryr meg så veldig om til vanleg, men eg vil nødig at Nils skal bli sjuk, aller minst no når vi skal få influensavaksine begge to komande tysdag. Sjukepleiarane har forklart at ein ikkje blir sjuk av sjølve vaksinen, men ein kan få ein reaksjon dersom ein har ein infeksjon i utgangspunktet. Det var jo rett etter vaksineringa Nils vart sjuk i fjor på denne tid, og vi vil ikkje ha reprise på den hendinga. Eg er ikkje blitt synderleg verre eller betre i løpet av dagen
Eg stod opp til vanleg  tid i dag, og Nils fekk mat og medisin på senga. Han vart liggande til klokka 12, mens eg strikka, høyrde bok og såg TV blant anna.Fyrte i omnen og hadde det bra.
Då Nils stod opp var han også bra, inga forkjøling eller anna. I dag har hann klart seg utan Oxycodone til denne tid.
I går kveld spurde eg om eg skulle sette i vatn klippfisk til bacalao, og det ville han ha. Så i dag laga eg kvit bacalao etter ei oppskrift eg har funne på nettet, Skåtøybacalao trur eg namnet var. Det er eit fæla styr å lage den, for alt skal kokast eller steikast før ein har alt i ei form. Dermed blir det ein diger oppvask, som eg tok for hand i dag, i staden for å fylle maskina.
Men så er det enkelt å servere og ete. Nils kan sitte i stolen sin med eit brett på fanget, for det er vondt for han å sitte ved bordet. Vi åt veldig godt begge to-vi er ikkje så flinke med middag, det blir ofte berre brødskiver, fordi Nils ikkje har lyst på anna. Etter at HBO hadde vore her vart det kaffi og kake frå i går.
Det blir litt for lite mosjon no når eg ikkje får jobbe ute, men på Facebook truar dei med snø i morgon, så då får eg kanskje trimme snøbrettet. Men eg likar grasklipparen betre. Dessutan har eg diverse ugjort på vent.
I dag har eg strikka ganske mykje; eg held på med ei jakke til meg sjølv, men eg strikkar verken så fort eller så fint som Solveig. Dessutan er det veldig lenge sidan eg har strikka anna enn lester. Eg komen langt ned i andre nøstet, eg starta i går kveld. Komande onsdag er det pensjonistmøte, så eg har litt plikter "i forhold til" det. Borddekking og referatskriving blant anna.
I dag har vi hatt ein god dag.    

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Hei! Skjønar godt at du er usikker på influensavaksina, mange meiningar om det er bra eller ikkje, men ein bør vel lytte til fagfolk. Vi tok vaksina i forrige veke og har ikkje hatt reaksjonar på den til denne tid. Hels til Nils, synes de er flinke begge to. Fekk lyst å prøve den kvite bacalaoen :). Ønskjer dykk ei god veke.
Helsing Eidabesta

Besta sa...

Vi tok begge vaksine i fjor. Eg merka ingen ting, men Nils vart innlagd på sjukehuset og var veldig dårleg. Legane forsikra oss om at det ikkje hadde noko med vaksinen å gjere. Men HBO seier at viss ein først har ein infeksjon i kroppen, så kan vaksine gjere den verre.Eg er ikkje redd for min eigen del, for eg toler det meste, men vil ikkje at Nils skal bli sjuk igjen no.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...