lørdag, november 04, 2017

Dagbok 2017: 4.november

Godt begynt er halvt fullendt.

Klokka er 19.15, utetemperaturen er + 6 grader C og det har stort sett regna i heile dag. Eg var ut i dag tidleg og henta avisa, elles har eg halde meg inne.
Nils er ikkje bra om morgonane, men han får i seg ei skive og eit glas melk på senga, på samme tid som hen tek tablettane. Så får han ligge til han orkar å stå opp. Eg brukar åleinetida til å fyre i omnen, lese avisa, strikke og lese, alt ettersom.
I dag fann eg ut at eg skulle bake ei kake, i tilfelle her kom besøk. Eg laga ei sjokoladekake som eg har laga fleire gonger før, men var ikkje så begeistra for den i dag-ikkje at den var mislykka, men den var ikkje så god som eg trudde den skulle vere.
Det var Margrete og "ungane" som kom i dag, dei er ofte ein tur over fjorden og handlar om laurdagane, og då passar det å ta turen hit. Og i dag fekk dei altså kake.
Då hadde Nils fått tablettar såpass han var oppegåande.
No har han og eg ete "middag"-i dag vart det skiver med fiskepudding og salat. Nils har ikkje så lyst på vanleg middagsmat, han vil heller ha brødmat og då får han det. Det er like "sunt" det som noko anna. Han drikk melk til, og et frukt innimellom. Eg prøver å passe på at han får den næringa han treng. Han har tatt Oxycodone to gonger i dag. Dei tablettane virkar fort, og går ut av kroppen etter 3 timar. Dei er ikkje skadelege, men kan vere vanedannande, men det betyr ingen ting for han.
Eg er ikkje komen i gang med strikkeprosjektet mitt enno, men har lese oppskrifta og funne fram ein rundpinne, så det er håp. Litt rart å starte på noko stort etter å ha strikka berre lestar siste åra. Nils ser fotballkamp no, og eg skal rippe ei bok som Margrete hadde med til meg .Eg har følt på at det var sundag i dag, ikkje så lett å halde orden når dagane vert meir og mindre like.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...