mandag, oktober 23, 2017

Dagbok 2017: 23.oktober

Dette treet stod bugnande av store Victoriaplommer for ikkje så altfor lenge sidan, no står det ribba att, både plommer og greiner er borte.

Klokka er 19.20, temperaturen ute er + 8 grader C og i dag har det vore overskya men opplett.
Nils hadde ei god natt, han søv oftast godt, men var ikkje særleg mykje sprekare i dag enn i går. Han fekk medisinane sine til rett tid, og så fekk han sove vidare- eller i alle falle ligge, til han følte at han orka å stå opp.
I mellomtida styrte eg litt i huset, strikka etc., men så kom gartnaren. Vi har i alle år sidan vi planta Victoriatreet hatt ein gartnar til å beskjere det, Nils har betalt med fisk. I fjor vart det ikkje gjort noko, så då det vart mykje plommer på det i år, hang greinene heilt ned på marka. Eg klipte etter fattig evne såpass eg fekk klipt graset rundt treet og plukka plommene. I dag fekk eg vere med fagmannen på jobb og eg fekk lært ein heil del. Nabo Gudmund kom også og tok del i undervisninga. Treet såg nokså fattig ut etter behandlinga. Seinare på dag var eg ute og samla opp greiner og rydda opp. Det var då eg tok bildet.
Nabo-Solveig skulle på butikken og handle i dag og spurde om eg ville vere med. Det ville eg for eg hadde ei lang liste liggande på kjøkkenbenken. Eg skriv ned det eg manglar etter kvart som eg oppdagar det. I dag handla vi på Kiwi i Vik, og sidan Gudmund også var med fekk eg hjelp med å bere varene ut frå butikken ut i bilen og heilt inn i gangen heime.
Nils var oppe før eg for nedover, og han har vore oppe i heile dag. Men det skortar på krefter og matlyst. Solfrid kreftkoordinatoren ringde i dag, ho var på besøk før helga og hadde snakka med legen etter det. Legen vil komme innom ein dag og snakke om medisinar og ev. prøve nye hjelperåder. Vi får ein fantastisk sørvis av helsevesenet. Eg skriv VI fordi eg får all den hjelp eg treng for å yte det EG kan gjere. Vi vart samde om at dei skulle ta blodprøver i morgon i staden for torsdag. Då kan ein finne ut om der er infeksjon på gang. Prednisolonen kamuflerer infeksjonar, men heilt ned på 0 går ikkje verdiane likevel, viss der er infeksjon. Nils har vore dårlegare mange gonger før enn det han er no, men så var han stabil veldig lenge før han fekk denne detten.
Eg handla mykje i dag, men då eg kom heim kom eg på at eg hadde gløymt poteter. Sende ei melding til Margrete og ho hadde med seg to posar då ho stakk innom på veg til eit møte. Ho stoppa berre ei lita stund. 
I dag var det endeleg kakekrig igjen, og den fekk vi med oss. Seinare skal vi sjå "Monster"-vi lurer på om det er ein ekte krim eller om det er ein parodi.

I dag blomstra den rosa klematisen for første gong i år, den lavendelblå har blomstra heile sommaren. Den mørkeblå er sjuk og ikkje fin. Eg har tre stk. av den på tre ulike stader og alle tre er sjuke. Den rosa og den lavendelblå veks i lag med ein av dei mørkeblå- og dei er friske. Når dei er avblomstra skal eg klippe dei heilt ned, og så skal eg plante dei ein annan stad neste år.


Ingen kommentarer: