søndag, oktober 01, 2017

Dagbok 2017: 1.oktober


Eg har ikkje makta stor anna hagearbeid i år enn å rydde og fjerne, dvs. .klippe, sage, rake  etc. Det har ikkje blitt planta noko eller tilført noko anna. Men eg synest likevel her ser relativt velstelt ut. Det får halde i år.


Desse blomstrane får ein kjøpt i potter. Eg har hatt fleire, og etter eit opphald inne, har eg planta dei ut, der dei har levd vidare i fleire år. Er ikkje sikker på namnet, men det er heilt sikkert noko med Campanula.
Eg har tre mørkeblåklematis, og alle tre er sjuke. Den lavendelblå er heilt innfiltra med den mørkeblå, men frisk. Når dei lavendelblå blomstrane fell av, etterlet dei eit nøste med "gulltråd". Ein rosa klematis veks også i lag med dei andre to sortane, men har ikkje blomstra i år. Ikkje enno. Alle skal klippast ned og plantast om-ein gong.
Klokka er 19.15. Temperaturen ute er + 15 grader. Det har vore skya i dag, men opplett og litt vind. Sola var også framme ei lita stund.
Både Nils og eg sov lenge i dag. Eg har ikkje alltid like lett for å sovne om kvelden, men vaknar relativt tidleg likevel, står opp klokka 8, og passar på at Nils får medisinen sin klokka 9. Men i dag vart vi ein time forseinka, noko som gjorde oss godt. Eg var trøtt i går,det er eg sjeldan, men Nils treng veldig mykje søvn og kvile.
Det blei ein roleg start på dagen, men eg såg at eg hadde diverse oppgåver eg måtte ta tak i. Kjøkkenet såg rett og slett ikkje ut, men sidan Nils på død og liv ville filetere dei to seiane sjølv, passa det å gjere det når eg likevel måtte shine opp. Han skulle lære meg korleis det skal gjerast, så no veit eg det. Men den tid han dreiv og fiska, fileterte han i garasjen og vaska fisken ute. Det er litt annleis på eit kjøkken. Han fekk faktisk til dei fire filetane til slutt. Då var han så utkjørt at han sovna i stolen rett etterpå. Eg fekk rydda og vaska både bord og benker m.m. og til slutta vaska eg golva på badet og kjøkkenet. Det var godt å få ordne opp, for eg vantrivst i rot, og når eg jobbar ute heile veke, er det andre ting som må settast på vent.
Birte og Håkon var innom og henta teinene, dei skulle sette etter hummar. Men det blæs og var såpass høg sjø at dei ikkje kunne sette der dei hadde tenkt.
Etter å ha vore på fileteringskurs og dessutan ete makrell i to dagar, hadde eg ikkje lyst på fisk til middag, så eg fiska opp ein Grandiosa frå frysaren i staden. Til dessert hadde vi resten av Solveig si eplekake.
Akkurat no sit eg på datarommet og her har eg vore ei stund ,med lydbok og strikketøy, mens Nils ser fotball. Resten av kvelden blir det vel å glo på eitt eller anna program, det er Nils som har (fjern)-kontrollen.
Denne veka er det haustferie på Kongsberg-så vi får ønske dei ein fin ferie.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...