onsdag, oktober 18, 2017

Dagbok 2017: 18.oktober


Klokka er ca.19.00 og dette bildet er tatt for ei lita stund sidan, frå altanen, no er det alt mykje mørkare ute, men himmelen er klår, og i dag har vi hatt sol heile ettermiddagen. Temperaturen ute er no +5 grader C. Det er vel like før eg må ha Gullbusken inn i kjellaren for overvintring. Den har overlevd mange vintrar i vaskekjellaren.
I dag var ikkje Nils så kvikk då han vakna, han fekk medisinane sine og låg frampå ei stund, mens eg fekk støvsuge teppegolva. Etter at han hadde stått opp og fått seg frokost, vaska eg bad og kjøkken, så no er helgavasken unnagjort.
Etterpå var eg ute og rydda og kosta litt i garasjen, og no rett før sola gjekk ned rydda eg i tilbygget. Eg grov fram snømokebrettet og spaden og frakta det opp i garasjen, så det skal vere klart til bruk.
Eg laga pannekaker og bacon til middag i dag, og Nils fekk seg ein god middagslur før HBO kom klokka 16. Etter at han hadde sove vart han i betre form. Slik er det ofte. Det er om føremiddagane han er "sløv". Kan vere greitt å vite for dei som vil besøke han eller ringe.
I morgon har eg time hos frisøren klokka 16.00, så då skal eg springe fram i Mosmarka. Viss nokon vil besøke Nils mens eg er vekke, er det berre å ringe på og gå rett inn. Han kjem ikkje og let opp, for å seie det slik.
No kom Håkon innom , han har vore ute og drege teiner, så får Nils ein liten fiskeprat. Håkon tek gjerne imot gode råd frå ein gammal fiskarmann.


Ingen kommentarer: