Klokka er19.40, temperaturen er + 16 grader C og det regnar litt av og til. Eg brukar å "jobbe" inne viss det er dårleg vêr og ute når det er fint. I dag vart det gjort lite både ute og inne.
I dag var det ingen mobil som spelte meg vaken, eg stod opp ein halv times tid seinare enn vanleg, men av eigen fri vilje. Sidan det var "dusje - og bytteplaster-dag" fekk Nils medisinen sin på senga, stod opp og åt litt før han gjekk i dusjen. På den måten slapp han å kle på seg to gonger. Han har ikkje vore så bra i dag, har verkt i hofta, men no i kveld tok han heilt frivillig ein smertedempande tablett. Så no har han det bra så lenge den virkar. No håper vi på at han skal bli betre etter kvart, legane på Åse sa at det ville gå eit par veker før han kunne vente betring.
Eg har berre gått rundt og surra i dag, var ute og rydda litt i hagen før middag. Hadde tenkt meg ut att, men så kom det regn. Etter middag sovna eg i stolen; eg blir trøtt i slikt grått vêr. Til middag hadde vi suppe frå i går, og til "dessert" var det pannekaker. Nils slapp sprøyte klokka 16.00 men HBO kjem att klokka 20, så då spørs det.
Eg har sett litt TV i lag med Nils, han kan no ikkje sitte der åleine heile tida, og så strauk eg litt klede innimellom. Klesvask og oppvask tek "hushjelpene" seg av. Vi har det etter forholda bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 2.mars
Klokka er no19.25, temperaturen ute på trappa var + 9 grader C, eg trudde knapt mine eigne auge, men det samme står det her på skjermen, O...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar