søndag, juni 18, 2017

Dagbok 2017: 18.juni

Klokka er 18.45, temperaturen er 12 grader, det regnar og blæs innimellom Ikkje så freistande å vere ute i slikt vêr, men eg burde vel ta meg ei runde for mosjonen sin del. Har berre vore ute ei lita stund i dag, for å plukke inn rabarbra til dessert.
Elles har vi hatt opplæring i bruk av drill, det er så lenge sidan eg har drilla at eg hadde gløymt ut korleis eg skulle gjere det. Dessutan var det ein annan drill vi hadde då. Eg skal skue av nokre bord på kompostkassa og ta ut mold for å fylle alle holene mine, men i dag vart det ikkje vêr til å gjere det. Når Nils ikkje kan gjere slikt sjølv, kan han i alle fall instruere meg. Eg lærer litt nytt kvar dag.
Sundagane er det heilt stilt her i Starevegen, ikkje eit menneske å sjå, derfor likar eg kvardagane best.
Sidan eg jobbar mykje ute til vanleg, blir det eitt og anna å henge fingrane i inne når det blir helg.
Ikkje det at eg GJER så mykje, men eg går no her og småryddar.
Nils er som vanleg litt sløv først på dagen, men betre etter kvart. I dag kom HBO litt før klokka 9, og det var fint, så slapp Nils å vente på frokosten. Både i går og i dag har han fått berre to Prednisolon -   tablettar og det ser ut til at det går bra.
I dag hadde vi god middag; heimelaga kjøttkaker med godt tilbehør- vi åt godt begge to -eg litt FOR godt, det er ikkje eg som skal opp i vekt.
Vi sovna litt etterpå, og då HBO 2 hadde vore her, åt vi dessert og drakk kaffi. Desserten var rabarbragrøt med ein rest av jordbærsmoothie inkludert -  og endeleg fekk eg brukt litt av potetmjøl/melis-blandinga. Elles brukar vi så lite sukker som muleg-heldigvis likar vi godt at rabarbra smakar SURT.
No har eg sete ved datamaskina og høyrt lydbok og strikka på enda ein lest. Solveig kom med meir tynt garn til meg, og eg hadde fire ferdige brot som mangla lest.
Komande veke er det tre fødselsdagar i storfamilien, og så er det mange som får sommarferie/ avspasering.
Eg håper på litt betre vêr i dagane som kjem, slik at eg får gjort det eg skal ute.
I morgon må eg kanskje handle inn litt ymse, så eg kan i alle fall GÅ ein tur på butikken. Kjenner på at eg får for lite mosjon no når Nils er heime .I heile vinter/ vår gjekk eg mykje, både på reisene til Volda og når han var på Ørstaheimen. Då kom eg meg litt i form-og den forma har eg lyst å beholde.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...