fredag, april 07, 2017

Dagbok 2017: 7.april

Klokka er 21.50, temperaturen ute er + 7 grader C. Det har vore opplett og mildt i dag, men ikkje sol.
Nils var ikkje i form i dag tidleg, og det gjekk langt utover dagen før han kom seg til hektene. Kva som var grunnen til at han ikkje var bra, veit eg ikkje. Sjølv meiner han at grunnen var at han åt taco i går, og det toler han ikkje så godt- men han hadde veldig lyst på.
Dagen har gått som ein røyk.
Det første eg gjorde i dag var at eg laga ei prinsessekake, så rydda og vaska eg kjøkkenet og badet. Så får vi sjå om eg får støvsuga snart også.
I dag vart det ikkje lunsj-berre middag. Kjøttkaker i brun saus med poteter, gulrot og grønerterstuing. Veldig tradisjonelt altså. Nils tok seg ein lur mens eg strikka ferdig ein lest. Og så drakk vi kaffi.
Solveig kom på sin sedvanlege fredagstur, og ho og eg var på matmandel på Spar. Vi var først innom Amfi, sidan eg hadde ærend på apoteket. Etterpå drakk vi kaffi og åt kake. Solveig hadde med seg lydbøker som eg skal rippe, så har eg lesestoff heile påska og vel så det. Blir ikkje så mykje høve ti å lese.
Vi reknar med ein god del besøk av barn og barnebarn komande veke. Dei vaksne barnebarna som bur både her og der leitar seg heim att i høgtidene. Eg har ikkje førebudd meg på selskapelegheit, men skal no sørge for at dei får kaffi med litt attåt om ikkje anna. Kapasiteten min rekk ikkje til stort meir enn det "daglege". Men det får vere nok.
Det viktigaste for oss er at Nils får vere nokonlunde bra, så vi slepp dramatikken. I dag ringde legen frå Ørstaheimen og spurde korleis det gjekk, så dei har ikkje gløymt han. I morgon er det "dusje, barbere, byte klede og smerteplaster-dagen"-det er ein heil jobb- særleg for han. Han blir heilt utsliten av så mykje styr. Sjølv om han er bra oppegåande er han svært svak. Men vi er no glade og takknemlege for kvar dag han får vere heime.
Då får eg ønske alle ei god helg og GOD  PÅSKE.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...