lørdag, april 29, 2017

Dagbok 2017: 29.april

På vandringa mi i dag møtte eg ein mann med bil.

Klokka er 22.30, temperaturen er +4 grader C, det har vore lettskya og fint i dag.
Eg kom heim for ca. eit kvarter sidan, då hadde eg hjelpt Nils til sengs før eg gjekk. Dagvaktene skal sørge for at alle er i seng før nattevakta tek over kl.21.30, det kan bli litt tidleg for oss, så vi gjer det på vår måte.
Før middag gjekk eg berre rundt og surra, litt ute og litt inne. Det er ikkje så mykje som MÅ gjerast når eg er her åleine. Å begynne på noko storarbeid er heller ikkje aktuelt når ein er vekke heile ettermiddagen og kvelden. Eg dusja og vaska håret og planla å stikke innom Kiwi på veg ut til Nils. Så ringde Margrete som var i Volda og delte ut roser og ville besøke faren sidan ho likevel var på rette sida av fjorden. Ho veit at eg gjerne vil gå og vere ute så vi bestemte oss for å møtast på Kiwi.
Då eg kom opp på vegen og stod og snakka med naboane, ringde Einar. Han hadde vore i Volda og sprunge rundt Rotevatnet, og så hadde han besøkt Nils. Eg var spent på korleis det var, og han kunne fortelje at han var litt slapp først , men så livna han til. Han lurte på om han skulle komme og køyre meg, men eg hadde avtale med Margrete så eg takka nei.
Eg hadde bedt Margrete om å kjøpe garn til meg i Volda, for no veit ho kvar og kva ho skal kjøpe, vi kom til Kiwi begge to i same sekund så å seie.
Etter at vi hadde handla var vi ut til Nils. Og i dag møtte eg ein heilt annan person enn i går. Rett nok var han sveitt og ustelt, for han hadde ikkje fått høve til å dusje, men han var i alle fall vaken, og han sov ikkje ein einaste gong mens eg var der- og det var mange timar. Margrete var der ikkje lenge -ho hadde andre avtalar også. Nils sat lenge i ein stol og etter kvart tok han til seg bra med mat også, dei spør han kva han vil ha, og i dag ville han ha oppvarma lapskaus frå i går. Han åt ein bra porsjon.
Grunnen til at han var i betre form i dag var truleg at dei har tatt bort antibiotikaen som ikkje virka, og auka dosen med prednisolon. Det er ein illusjon å tru at han skal bli bra, men vi får håpe på fleire gode dagar. Vi set pris på kvar einaste god dag no.
Det er langhelg no, kjærkome for alle yrkesaktive, mens eg som er pensjo likar kvardagane best. Reknar med at barn og barnebarn vil besøke Nils no i helga.
Ønsker alle ei god helg. (Det skulle eg sjølvsagt ha skrive i går.)

1 kommentar:

solveig sa...

Godt å høyre!
Eg kjem sjølvsagt innover ein av dagane!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...