Klokka er 18.10, temperaturen er + 9 grader C og det har regna i dag.
Dette har vore ein underleg dag for meg. Det er første dagen på tre veker eg ikkje har vore ute og "vandra" på ein eller annan måte. Og ingen har vore på besøk. Både Nils og eg har blitt vant til å ha mykje folk rundt oss på sjukehuset og Ørstaheimen, men det var godt å ha ein "fredeleg" dag også.
Nils sov utruleg godt og lenge sist natt, var visst godt å vere heime i si eiga seng. Han har vore i bra form i dag, men det er tydeleg å sjå at han blir fort sliten. Han greier å komme seg rundt i huset med rullator, men sit mest i godstolen. I dag kommanderte eg han til å legge seg nedpå etter lunsj for å få strekt seg ut litt. Det gjorde han, og eg trur det gjorde godt. No sit han framfor TV-en og ser fotball. På mandag skal det vurderast om han kan halde fram med å vere heime-det kan han sjølvsagt så lenge han ikkje blir sjuk. Han kan også ta imot kortvarige besøk etter kvart- viss han er så bra som no.
Han et godt og ser frisk ut, men er ikkje sterk. Han er "pasient" heime også.
Mens han kvilte i dag, fekk eg vaska golv, lagt i hop klede osv. Med maten har vi tatt det lettvint, restar frå i går og frå frysaren.
Elles så strikkar eg litt mens eg høyrer lydbok. Føler meg litt rastlaus når eg ikkje er ute og går, så eg lurte på å ta ein tur på Kiwi, men slo det frå meg.
No skal er strikke og lese litt, og når fotballkampen er slutt, blir det vel TV på meg også.
Gløymde å ønske lesarane GOD HELG i går, men no kan eg ønske alt godt for resten av helga.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 6.mars
Klokka er no ca 18.00, temperaturen ute er+4 grader C, og det har vore ein fin dag med sol frå nesten klar himmel. Eg vakna nokaså tidleg ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar