søndag, januar 29, 2017

Dagbok 2017: 29.januar

Kassettar med filmar frå barnebarna var små, blant anna. Vi skal få dei over på DVD-plater.

Klokka er 17.00, temperaturen er ca. +4 grader. Det har vore lettskya og ganske fint vêr i dag, finare etter kvart.
På føremiddagen begynte eg å leite etter nokre "papir"- det resulterte i at eg fekk rydda fleire skuffer-utan å finne papira. Men eg fann andre ting, blant anna nokre gamle filmar som eg har leita etter før. Og så fekk eg rydda fleire skuffer og kasta diverse rot.
Etterpå hjelpte eg Nils med å avslutte 2016 - rekneskapet for SV. Han har sagt frå seg styreverv og kasserarstilling etter mange års teneste.
Det er liten vits i å lage middag når ikkje Nils et den likevel, så i dag kokte eg berre blomkålsuppe, og køyrde den i blenderen så Nils fekk drikke den frå ei skål. Slik serverte dei suppa på Ørstaheimen, noko som han likte. Med rikeleg smør og fløyte blei suppa ganske næringsrik- eg åt den litt magrare varianten.
Eg "kommanderte" Nils til å legge seg nedpå og ligge heilt i ro mens eg tok ein tur rundt Storebakken i det fine vêret som likna meir på april enn januar. Då eg kom heim serverte eg kaffi og kake (med mange kaloriar).
Kveldane er kjekkaste tida, då ser vi TV og Nils er i bra form. Men i går vart vi rimeleg leie av "Spelemannsprisen". Vi kunne sjølvsagt sett over til ein annan kanal. I kveld er det mange kjekke program. Når vi er såpass fastlåste betyr TV-en god å ha. No ser Nils sport, mens eg er på data. Skulle hatt med meg fotoapparatet då eg gjekk tur i dag, men det låg på rommet der Nils låg og sov.
I dag synest eg at vi har hatt bra struktur på dagen. Eg har tenkt at Nils skal få legge seg ned på dagtid, mens eg går ut ein tur anten på butikken eller berre ein tur.
I dag har det ikkje vore nokon på besøk. Tysdag kjem heimesjukepleiaren klokka 11.00. Janne vil hente heim bøkene som ligg på biblioteket på vent. Nils har vore betre i dag enn i går.

Ingen kommentarer: