onsdag, desember 21, 2016
Dagbok 2016
Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 4 grader, og det regnar og blæs. Stupande mørkt er det også.
I dag har det vore ein veldig roleg dag, utan noko som helst slags besøk. Nils var i dårleg form då han stod opp, så han la seg att etter frokost og fekk seg ein god lur, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Det er det einaste eg har gjort i dag, når ein ser bort frå dei daglege oppgåvene.
No håper eg at Einar og Audun kjem ein tur i morgon. Det er byttestasjon for julegåver her hos oss, og så vil dei vel sjå oss før jul. Audun er no ikkje heime så ofte. Eg har bede Einar om å køyre meg på butikken, så no må eg reinskrive handlelista mi, slik at eg kan vere effektiv!
Nils er ikkje i så god form som eg kunne ønske, men han får i alle fall i seg mat. Det går mest på brødmat, middagsmat er han mindre glad i-han som før hadde noko bortimot verdensrekord i middagseting.
Etter ein litt sein lunsj har vi slappa av begge to- så dette har vore noko bortimot ein kviledag for meg også. At vaskemaskina surrar og går, det gjer ikkje så mykje. Strauk litt klede også. Fredagen har eg tenkt å vaske og rydde, og så får jula bli som den blir- det er ei "unntaks-jul"- uansett.
I dag ringde Ellen Marie, ho skriv ikkje julekort i år, men ringer i staden. Heilt greitt det.
Når eg ser på TV og det som skjer i verda, tenkjer eg på mor til Ketil Bjørnstad; ho grudde seg alltid til jul, for då forventa ho at grusomme ting skulle skje i verda. Slik hadde eg det i mange år etter Asker-ulykka, flystyrten som kravde mange menneskeliv. (Eg har nyss lese Ketil Bjørnstad sine bøker om "Sekstitallet" og "Syttitallet").Og no er det berre å sette på Tv-en så får vi minst ei katastrofe for dag. Men her i landet har det gått bra, så langt.
PS: Ikkje før hadde eg skrive dette, så kom Håkon på besøk, og før han hadde fare, kom Torbjørn, så vart det besøk i dag også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar