Klokka er 18.45, temperaturen + 2 grader C, og vêret har vore heilt normalt, overskya og litt regn.
Eg vart nesten litt skuffa for at det ikkje vart meir dramatisk på vêrfronten i går kveld og natt, sidan eg hadde budd meg så godt. Her var knapt eit vindpust å oppdrive-i alle fall ikkje her hos oss. Trur vêret må ha snudd før det kom hit.
Her sat vi rusta til fingerspissane med ved , stearinlys, kaffi og batteriradio, og så skjedde det absolutt ingen ting! Ja, sjølvsagt var det bra, men......
I dag har eg stelt litt i huset, som vanleg, sett litt TV, strikka litt etc....som vanleg.
Til middag i dag vart det heimelaga tomatsuppe med kokte egg til + rikeleg med fløte. Det kunne Nils ete. Han likar best "våt" mat. Eg et kva det skal vere så det er greitt for meg. No må eg snart slå opp i "suppeboka" mi for å finne fram til fleire næringsrike og velsmakande supper. Der er nok å ta av. Ingeborg, som blant anna jobbar på suppekjøkken, hadde ein del tips.
Vi sat og såg litt TV då Margrete ringde og sa at dei kom oppom. Ho og ungane hadde vore på kino her i Ørsta og sett "Dyrene i Hakkebakkeskogen"-den nye teiknefilmen. Dei var vel ikkje akkurat i målgruppa nokon av dei. Men filmen var fin, den.
Her fekk dei ikkje så stor oppvatning, det vart litt kaker og konfekt. Som før sag har eg ikkje så mykje for hånden, mesteparten av maten vår ligg i frysaren.
Nils har ikkje vore heilt i slag i dag, han sov dårleg sist natt, og det heng i utover dagen. Vi sat og såg sjakk ei stund, men eg veit enno ikkje korleis det gjekk med Magnus Karlsen. Det blir vel meir TV utover kvelden- og strikketøy.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar