lørdag, desember 24, 2016
Dagbok 2016: 24.desember. Julaftan
Klokka er ca 21.45, temperaturen er + 4 grader C. Vi har nokre byger meg regn og litt vind, men det er på ingen måte snakk om ekstremvêr her hos oss. Når eg ser på TV korleis det er på fjellovergangane er eg glad for at ingen av "våre" er på tur frå aust til vest og omvendt. I slikt vêr er det best å halde seg heime.
Etter eige ønske har vi hatt ein utruleg stille og fredeleg dag her i pensjo-heimen. Det har vore mykje action i seinare tid, som alle veit, så no var det godt å berre legge seg bakover i godstolen og kose seg med julemusikk og diverse andre program på TV og DAB-radio. Og eit lite strikketøy innimellom.
Eg tok meg ein tørn og rydda i garasjen før middag, såpass Nils fekk sette inn bilen. Skal rydde meir seinare, men det er ikkje alt er har oversikt over, så eg må ha litt instruksar.
Vi åt litt i 2-3 tida, så vi måtte utsette julemiddagen til klokka 18. Nils åt ikkje all verda, det er middagsmat han har mest problem med. Men maten var god og eg åt for to.Og så har vi drukke kaffi og ete av julemannane som Olaug jr. har laga. Sjølv har eg ikkje bakt julekaker i år, men vi manglar ikkje mat!
Gåvene vi fekk var fine og nyttige-vi takkar for dei. Men aller mest vil eg takke for all hjelp vi har fått av familien, naboane og andre over lang tid. For alle besøk, blomster og andre gåver. Det er overveldande.
Så vil eg ønske alle fortsatt GOD JUL.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar