tirsdag, desember 13, 2016

Dagbok 2016: 13.desember

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er+ 1 grad og eg trur det held på å klårne opp. Før i dag har det regna.
I dag føremiddag vart eg gåande å vente på beskjed frå Nils, var spent på om han fekk fare heim-eller måtte vere der lenger. Til slutt ringde eg sjølv og fekk vite at han skulle heim med drosje, men han visste ikkje tidspunktet.
Eg hadde brukt føremiddagen til diverse husarbeid, blant anna hadde eg bakt tre brød og laga svelerøre. Det har hopa seg opp med melk, egg, rømme, fløyte etc.  så det var mykje godt i deigane mine i dag. Og kjøleskapet letna. Nils drikk mykje melk, og eg smakar det knapt, så då er det klart det hopa seg opp. Elles hadde eg varma pølser og laga rabbestappe til middag.
Fekk telefon frå Lefdal om at datamaskina var klar, og eg sa at det kom ein ung gut og henta den. Dei ville vite namnet og det fekk dei. Derfor hadde Eirik null problem med å få den med hit. Han og søskena kom ei stund etter at Nils var på plass. Han kom i drosje. Han er relativt bra, men brukar rullatoren for sikkerheits skuld. Han hadde fått lunsj klokka 13, så han skulle ikkje ha middag DÅ, men vente til klokka var 16-17. Eg åt åleine for å vere ferdig til Eirik &Co kom.
Det gjekk fort og greitt å få opp datamaskina, og no har vi Windows 10 på begge maskinene. Noko anna anbefalte dei ikkje å legge inn. Eg har jo hatt Windows 10 ei god stund på den stasjonære maskina mi, men eg kan ikkje alt. Til bilda mine brukte eg den gamle laptopen, så no må eg lære meg å legge inn bilde-på nytt. Eg greier det sikkert sjølv om eg tek tida til hjelp, men det er meir lettvint å få nokon til å vise meg når dei likevel er på besøk.
I morgon kjem "heimesjukepleien" på besøk igjen. Ho vil sjå korleis vi har det og kva vi ev.treng av hjelp. Eg synest eg har sagt til det kjedsommelige at det er Nils som treng hjelp, viss han ikkje klarer seg sjølv med det meste. Eg treng ikkje hjelp med husarbeid og liknande. Det som er største problemet no, er å få i mannen skikkeleg med mat og drikke. Eg blir sant å seie litt lei av å gå og mase. At han ikkje har appetitt, ikkje lyst på noko, og at ingen ting smakar godt- det er så ulikt slik han brukar å vere. Han har alltid hatt ein glupande appetitt og ete all slags mat. Det einaste han et no-med glede-er klementinar, og det kan han ikkje ete så mange av, på grunn av diabetes.
Og så er det eitt problem til, det var slik før også, han sveittar og eg frys! Så no lyt eg sitte med pledd rundt meg mi staden for å fyre. Det er eit relativt lite problem.Det er kjekt å ha han heime att!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...