Klokka er 22.10, temperaturen +5 grader C og det regnar så smått. Regn ser eg no på som ferdigmoka snø.
I dag tidleg var det lettare vêr , og det var frose både på vegen og bilen, som står ute.
Nils ringde ut på føremiddagen og fortalde at han kjem heim i morgon. Det var eg sjølvsagt glad for, men no er det ikkje sikkert han kjem likevel. Ja, det har ikkje skjedd noko dramatisk, men legane må først sjå på nokre prøver. Sjukepleiaren som var der i kveld sa at det stod eit spørsmålsteikn bak det som var skrive om heimreisa. Solveig og eg var bort ein tur på kveldstid. Ho kom her klokka halv seks, og så var vi innom apoteket på turen bortover. Nils har litt feber om kvelden, men ikkje mykje. Han er relativt bra, han får inga behandling, men dei passar på at han et og drikk. Og så går han tur på gangen med ei asiatisk sjukepleiar som han likar godt. Han har framleis einerom med eigen telefon. Den virka ikkje, sa han, men det gjorde den då eg fekk plugga inn att ledninga. Nummeret er 700 58 405.
Elles har eg ikkje gjort noko særleg i dag heller. Eg har støvsuga, og så har eg lagt opp ei bukse, ei i går og ei i dag. Så slepp eg at eg trakkar buksekanten ned i søylene. Har leselitt, strikka litt og elles styrt litt i huset -som vanleg.
Solveig og eg handla begge på Kiwi på heimvegen, så no har eg enda meir mat på lager. Solveig hadde med seg kake i dag også, så vi tok ein kaffikopp ved kjøkkenbordet før ho reiste ut att.
Så kom det ei nabodame på besøk og sat her og prata med meg ei stund.
I morgon skal Eirik hente den nye laptopen og gjere den klar, så eg håper Nils kjem heim og får prøve den. Eg har så mange som "går meg til hånde" at eg skal ikkje klage på noko. Og eg er takknemlig for at Nils får så godt stell der han er, sjølv om eg veldig gjerne vil ha han heim att.
Ps: kl.23.30. Nils ringde nettopp, han var blitt flytta enda ein gong, så no stemmer verken romnummer eller telefonnummer lenger. Men han har mobil.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar