Klokka er 21.35, temperaturen ute er + 15 grader C. Det har vore overskya, men stort sett opplett i dag. Som de kanskje har lagt merke til manglar det bilde på bloggen for tida, har problem med å få overført bilde frå fotoapparat til data. Nemlig.
I dag har det vore ein trasig dag her hos oss. Nils har vore sengeliggande heile dagen. Han kom seg ikkje fram or senga før klokka var 20.30 i kveld. Han er slapp og sløv og har ikkje appetitt. Han tok det nok litt for traveldt dei dagane han var bra, slikt har straffa seg før Han er oppe no i kveld ei stund.
Eg var inne ei stund på føremiddagen i håp om at han skulle komme seg på beina, men så gjekk eg ut og jobba. Først grov eg opp eit ripstre som skulle fjernast, og så vart det plenklipping. Tok heile skråninga med el-klippar. Det tek si tid, men så kan eg ta det litt rolegare enn når eg brukar bensinklipparen. hadde ikkje tenkt å klippe plenen rundt huset, skulle berre samle opp litt lauv, men så vart det til at eg klipte heile. Opp mot vegen tok eg ikkje i dag. Elles har eg gjort "forefallande" husarbeid, som vanleg, og passa på pasienten. Så det er ikkje så mykje å skrive om.
I morgon skal eg til frisør kl.14.00, og viss ikkje Nils er oppegåande får eg fri til ein av naboane. Skulle vore innom biblio og henta eit par bøker også. Håper sjølvsagt på at Nils kjem seg til att, for dette er trasig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 24,september
Klokka er no18.06, temperaturen ute er +10 graderC og sola skin, det trur eg ho har gjort i heile dag. Og for ein dag! Dei fleste dagar sk...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Skikkeleg trasig! Håper inderleg han er betre i morgon!
Ja, det må no gå betre etter kvart. Har sett det same før viss han anstrenger seg litt ekstra. Men han lærer aldri-han heller.
Legg inn en kommentar