Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er ca. +17 grader, det har vore opplett og til dels sol i heile dag.
Eg har vore både ute og inne. Før middag laga eg ei "eplekake" med plommer i staden for eple. Den blei ikkje så verst til tross for at eg hadde hatt for lite sukker i den, las feil på oppskrifta. På den andre sida hadde den blitt for søt om eg hadde følgt oppskrifta.
Til middag i dag vart det Gilde kjøttkaker i Toro saus, vi et av lageret vårt!
Etter middag la eg meg ut på altanen med lydbok- og sovna.
Vi venta Einar ca. 17.30, og han var presis som alltid. Han plukka plommer, både til å ete og sylte. Men han let noko henge att, så Håkon også skulle få glede av å plukke. No har Jørn vore her og plukka litt spiseplommer. Problemet med Opal er at dei modnar ujamnt. Rivers Early kan ein plukke alt på ein gong. Eg håper det held seg opplett i morgon også, så vi får plukka det meste.
Elles har det ikkje hendt noko spesielt i dag. Leigebuarane har kome att frå ferien, grunnen til at dei vart forseinka var at dei hadde fått trøbbel med bilen i Sverige, så dei måtte på verkstad.
No har eg begynt på "Storesøster" av Gunnar Stålesen, ikkje stor litteratur akkurat, men Lasse Lindtner les godt så det er litt artig å høyre.
I kveld skal eg sjå serien Ku´damm - kjekt med noko anna enn engelsk, og noko anna enn krim.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar