torsdag, august 25, 2016

Dagbok 2016: 25.august

Klokka er 18.30, temperaturen er + 18 grader C. I dag har det vore overskya, men opphaldsvêr.
Eg tenkte på det at det er meldt regn, meir og mindre, heile veka, så no måtte eg nytte høvet og få klipt plenen rundt huset så snart det vart tørt nok. Først klipte eg litt med kantklipparen, så tok eg den elektriske. Men eg blei litt irritert då eg var ferdig og oppdaga at eg ikkje hadde stilt heilt ned, slik som eg trudde. Deler av plenen fekk ein omgang til. Så no er alle plenar klipt denne veka også. Så sant det ikkje regnar likar eg best å vere ute.
Vi steikte nokre karbonadar til middag, Nils får i seg mat, men glupande appetitt har han ikkje.
Eg skulle slappe av med lydbok på sofaen, men fann ikkje roa, så etter ei stund gjekk eg ut og plukka små blå plommer. Der er ganske mykje av den sorten, og høgt heng dei.Spseplommene, Opal, modnar noko ujamnt. Vi et etter kvart, men kan ikkje ete alt. Det er ikkje dei store mengdene i år.
Eg sylta 2,5 kilo Pivers Early  i dag. Viss andre i familien vil ha gode sylteplommer, så er det fritt for å komme og plukke. Nils er såpass bra no at vi kan ta imot besøk. Det passar best på ettermiddagstid. Laurdag har vi avtale om kafé-besøk med Margrete & Co.
Eg var innom fysikalske og bestilte time for behandling og trening av rygg. Det var rett etter jul. I dag ringde fysioterapeuten og sa at no kunne eg få komme. Men eg sa som sant er at eg har vore bra i sommar og at eg får nok trim, så eg ville utsette behandlinga til haust/vinter. Det var heilt i orden.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...