torsdag, august 18, 2016

Dagbok 2016: 18.august

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute står på +17 grader, men eg tykte det vart kaldt, så eg sette på varmepumpa og kveikte i noko rusk i omnen. Såg kva som laga seg til i går kveld, for då seig skodda på, og sist natt regna det litt. Skodde har det vore i heile dag også - den blå sommaren varde berre to dagar. Vona er at han kjem att.
Nils har vore betre i dag, men ikkje så bra at han har stått opp. Han har det best i senga, seier han-eg ser fram til at han skal kome seg på føtene att.....om ikkje altfor lenge.
Eg har hatt diverse å styre med i dag også. Først vaska eg bad og kjøkken grundig til helga, så dusja eg og vaska håret sidan eg skulle på biblioteket og butikken. Men eg måtte vente til Marit var ferdig på trening, då for vi nedover i lag.
Eg har aldri sett så mange bilar utanfor Kulturhuset som i dag, og bibliotekaren kunne fortelle at det var kurs for lærarar i samband med skulestart. Kva slags lærarar veit eg ikkje.
Fann meg berre ei bok som eg ikkje har lese- krim sjølvsagt. Og så tok eg med meg to radioteaterbøker, som eg har lånt før utan å lese dei.
Etterpå var eg på apoteket og på Coop. Men no er det snart på tide at vi begynner å ete att, for huset er fullt av mat. Nils lever på styrkedrikk, vørterøl og yoghurt, eg et ei og anna brødskive. Men eg har berre godt av litt smalhans.
Plommene begynner så smått å modnei toppane, så eg har planar om å ta ei rive og hente ned nokre.
Det var godt eg vart ferdig med klippinga i går, for i dag hadde det blitt enda verre.
Etter at eg kom heim, sette eg meg til å rippe bøker, mens eg festa trådar i to par lester og stoppa hol i eit anna par.
Eg var ikkje heilt i form sjølv i dag, for eg sov dårleg sist natt, så eg la meg på sofaen med lydbok og sovna aldri så lite. Vart sjokka då eg såg at klokka var 19.30, men kom på at den sikkert hadde vore meir enn 18 då eg halla meg nedpå.
Fekk melding frå ei venninne som ville ha meg med på kafé i dag, men eg hadde avtalt med Marit i går, så kafébesøket får vente. Ja, om Nils er sløv og slapp enno, så går det sakte men sikkert framover. Vi får håpe han vert likar  i morgon.

1 kommentar:

solveig sa...

Det håper vi alle!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...