mandag, april 04, 2016

Dagbok 2016: 4.april

Teppebankar med lys.
Klokka er 16.30, temperaturen er 15,8 grader C og sola skin. Eg skulle sjølvsagt ha vore ute, men vi er nettopp ferdige med middagen og Nils tek seg ein pause. Dessutan klør eg i fingrane etter å fortelle om  den nye støvsugaren.
I dag for vi bere og surra rundt på føremiddagen, eg rydda litt i huset som vanleg, vaska håret og strikka litt. Klokka 13-14.30 var eg på styremøte i pensjonistlaget, Nils fekk lov til å sitte på Amfi og prate med karane-mot at han kjøpte noko til middag. Han hadde kjøpt pizza som vi skulle varme når vi kom heim. Ikkje før hadde eg sett den i omnen, så kom her ein støvsugarseljar på døra, der er ikkje slikt som skjer ofte. Og han kom akkurat i rette tid, for støvsugaren vår har etter kvart blitt veldig dårleg. Det var ein veldig overbevisande seljar, han påviste både støv og midd i teppegolvet-eg blei nesten flau, men gjorde han merksam på at eg ikkje hadde støvsuga på ei veke. Men støvsugaren han demonstrerte var verkeleg god- og dyr, og der var ein veldig god teppebankar med -den viser ikkje på bildet.(Hadde litt problem med å legge inn bilde, men så snart eg får alt i orden skal eg fikse betre bilde).
Den gamle støvsugaren funka ikkje i det heile tatt, det viste måleapparatet han hadde med, men det visste eg allereie. For å gjere ei lang historie litt kortare så blei det altså kjøp. Fekk 2000 for den gamle støvsugaren, som han tok med seg, 1000kr i kontantrabatt, 10 års garanti og gratis sørvis. Sluttsum 15800  kr-eg har litt dårleg samvit, men veit at eg treng ein skikkeleg god støvsugar når vi har så mange teppegolv.
No trur eg at eg må ha ein tur ut i sola, sjølv om eg har mest lyst å støvsuge.
Seinare:
No har vi hatt ei bra arbeidsøkt. Eg har raka nedanfor garasjen, ils har skifta til sommardekk, eg har hjelpt til med å vaske vinterdekka og hadei inn i garasjen. Har prøvd den nye støvsugaren, og no forstår eg kor dårleg den gamle var.


2 kommentarer:

solveig sa...

Det krevst ein god støvsugar når ein har teppegolv! Flott de unner dykk ein skikkeleg!

Besta sa...

Ja, den gamle var i alle fall ubrukeleg, der hadde til og med vore brann i filteret....Denne kan ein også bruke som luftrensar. Berre la den stå på nokre minutt, så rensar den lufta i rommet.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...