lørdag, mars 12, 2016
Karen Marie - 14.06 1941 - 12.03 2016
Vi er tre barndomsveninner som har halde kontakten i alle år. Særleg har vi skrive og ringt til kvarandre ofte etter at vi vart pensjonistar. Og vi har delt gamle minne, gleder og sorger med kvarandre.
Den yngste av oss har i seinare tid vore mykje sjuk, og i dag kom meldinga at ho var død. Det var ikkje uventa, for vi visste at det gjekk mot slutten. Like fullt er det trist- men på same tid godt at ho slepp å ha det vondt lenger. Kvil i fred, kjære Karen Marie.
(Bildet viser Karen Marie og dei tre barna hennar. Bildet er frå 2008).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.oktober
Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar