lørdag, mars 12, 2016

Dagbok 2016: 12.mars

Klokka er 18.00, temperaturen er +7,4 grader C, og det er overskya opphaldsvêr. Då vi stod opp i dag var det strålande sol og vi lurte på kva vi skulle bruke den fine dagen til.Men det vart ikkje slik vi hadde tenkt.
Etter at eg hadde vaska håret og shina meg opp litt, blei det ein tur på Amfi, der vi trefte mange kjende som vi prata med. Då vi kom ut att hadde det skya over, så det vart til at vi for rett heim. Særleg fordi vi hadde kjøpt laks på tilbod, fordi det var "siste forbruksdag" i morgon.Kunne ikkje fare å reke med den i bagasjen. Eg sette på steikomnen og gjekk ein liten tur, og denne gongen gjekk det utan smerter.
Margrete og ungane brukar å lage "laks med pesto" -og i dag prøvde eg oppskrifta, som rett og slett er laks med pesto over, steikt/ kokt i steikomnen. Vi har ikkje hatt det før, men det blir ikkje siste gongen, for det var veldig godt! Sidan pestoen inneheld mykje olje vart fisken veldig saftig.
Så vart det kaffi og pause på sofaen med lydbok, for min del, og TV for Nils.
Eg fekk melding frå Trygve Ystad om at mor hans, Karen Marie, døde i dag tidleg. Det kom ikkje uventa for eg visste ho låg på det siste, og eg hadde sett ein status som barnebarnet hennar hadde lagt ut på FB i dag. Det er sjølvsagt trist; ho er den av barndomsvenninnene eg har hatt mest kontakt med, men ho hadde ikkje noko godt liv lenger, sjuk som ho var.
Så blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. Kjøpte litt garn på -nille i dag, så eg får gjort ferdig restelestene. Har alt begynt på eit nytt lestepar, så akkurat no har eg tre strikketøy som skal reduserast til eitt.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Kjekt at de likte pestolaks, det er ein av favorittane her i huset. Trist og vemodig når nokon døyr, sjølv om det ikkje er overraskande.

Besta sa...

Ja, trist med Karen Marie. Ho hadde eit relativt dramatisk og omflakkande liv. Mora døde då ho var 17 og ho måtte ta seg av to yngre søsken-og ein alkoholisert fag. I lag med den første mannen sin flakka dei rundt til Tyskland, Hammerfest, Berlevåg Sverige Botswana,Treungen, Dalen, osb. Ho sa sjølv at ho hadde hatt eit rikt og spennande liv på mange måtar, hadde fått oppleve mykje. Ho sa det også ein av dei siste gongane eg snakka med henne.
Eg har mange minne frå ungdomsåra på Eid då vi var mykje i lag.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...