tirsdag, mars 08, 2016

Dagbok 2016: 8.mars.

Klokka er snart 18.00. temperaturen er + 2,4 grader C og det har vore ein nydeleg dag - med tanke på vêret.Max temp i dag var + 8 her på Vallabøen.
I dag har eg valt å starte med eit nostalgisk bilde som eg fann på FB. Bildet er frå Trovåg i Solund, der eg kom i 1958, 18 år gammal, og skulle vere lærar. Skulen er lagt ned for lenge sidan, sidan vart han påbygd og brukt til grendahus. No skal det seljast. Som de ser treng det ei lita oppusssing. Skulehuset ligg på ei bygsla tomt som høyrer til "garden" der Nils kjem frå. Nils gjekk på skule i dette huset-heile folkeskuletida. Bildet er tatt frå tunet til huset der Nils vaks opp. Bildet er nytt, der var ikkje så fine vegar då eg var der.Vi ser rett sørover på ytste delen av Sognefjorden.
.
I dag har eg ikkje vaska noko som helst; har i grunnen ikkje gjort så mykje anna heller, for eg følte at hofta må ha ei pause. Føremiddagen gjekk til diverse småsyslar, som t,d. bretting av klede m.m. 
Nils reiste til Volda for å ta nokre prøvar og eg laga middag til han kom att. I dag vart det steikt sei- sei som ikkje har vore frosen er veldig godt!
Etter at vi hadde slappa av litt og drukke kaffi tok vi ein tur til Vik. Eg skulle levere ei kake på Kulturhuset, og stakk innom biblioteket med det same. Der var lite å finne. Eg hadde nokre reservebøker liggande på maskina, men i alt styret med å skifte over til Windows 10 kom eg i skade for å slette dei.
Vi var ein tur innom Amfi; eg trong noko frå apoteket+ litt mat. På heimvegen  køyrde vi ein tur fram i Nupen for å sjå oss om i verda, lenge sidan vi var der sist.
Eg hadde ikkje med meg kamera på turen, så eg tok nokre bilde med mobilen. Her er like mykje snø enno, og det er tydeleg at det har gått ras i gjøla utover Vinjevoll og Mork-og elles små ras i fjellsidene.



      No har Nils endeleg fått til ekkoloddet, og er veldig glad for det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-

Strikk og musikk Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis. I dag har eg ikkje vore ute f...