mandag, mars 07, 2016

Dagbok 2016: 7.mars

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er ca +5 grader C, max temp i dag var 11 grader. Det hadde snødd litt sist natt også, og det gjekk ei stund før den snøen smelta,, så vi har eigentleg like mykje snø som før. det vart etter kvart veldig fint vêr og sola var framme ei heil stund. men eg var standhaftig; eg hadde bestemt me for å vaske resten av stoveveggane og det gjorde eg. Det vart ikkje så mykje vegg som sist, men derimot mykje glas som skulle pussast. Måtte sjølvsagt støvsuge også-og vaske kjøkengolvet. Men eg er ikkje ferdig med stova enno-taket skal også vaskast(med mopp) og teppegolvet å rensast. Men no tek eg ein liten vaskepause. Kjekt med alt som er gjort-men kan ikkje halde på slik kvar dag. Merkeleg nok går det relativt bra med rygg og hofte.
Mens eg vaska var Nils nedover og søkte hjelp med ekkoloddet, men ingen hadde noko greie på det, så no driv han og studerer på eiga hand.
Vi måtte ha oss ei lita pause før middag i dag, men etter at vi hadde ete og drukke kaffi vart det ein tur på plantasjen. Vi kjøpte 4 sekker mold for 200 kr. Og eg sneik meg til å kjøpe ein orkide, dei er har(og det er ikkje få) står stort sett på vent. Molda skal vi bruke i varmkomposten for å redusere litt på lukta. Og så treng vi vel litt i bedda når våren kjem.
Då vi kom heim kom naboen med ein nydelig primula til oss, og eg vatna blomstrane til ein annan nabo som er på GC.Så skal eg tømme oppvaskmaskina og vaskemaskina, men eg trur ikkje eg kjem til å felle av nokon lest i kveld. Nok er nok.


Dei to nye plantane kler kvarandre, men dei skal ikkje stå på golvet-anna enn når eg tek bilde.

4 kommentarer:

solveig sa...

Flotte plantar! Eg såg berre gule primula her ...
Det fortente du etter eit slikt dagsverk!

Besta sa...

Eg hadde eigentleg tenkt å kjøpe ein gul orkide, men utvalet i gult var heller lite.Marit U har mange fine orkidear, ho brukar flytande orkidegjødsel, så no har eg kjøpt det.Det var Marit G som kom med primulaen.

solveig sa...

Kanskje eg skal kjøpe meg ei flaske orkidegjødsel. Dei har på coop i lilla flaske, trur eg.

Besta sa...

Eg kjøpte ei grøn plastflaske: 1 teskei gjødsel til 2 liter vatn. Vatne ein gong i veka. Eg har brukt gjødselpinnar, då slepp ein å hugse gjødslinga.Men eg har no lyst å ha blomster på orkideane, så no prøver eg ein ny vri.

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...