torsdag, mars 10, 2016

Dagbok 2016: 10.mars.


Klokka er ca 17.30. Temperaturen er + 7 grader C. Det har vore sol og fint vêr i heile dag, så eg har prøvd å vere ute, eg også. Det første eg gjorde i dag var å vatne blomstrane til naboen. Så sette vi i gang med å skylle golvteppa som har lagt i sterkt såpevatn i to døgn. Dei dar altfor tunge å drive og løfte på, men med hjelp av store plastbaljar og hageslange fekk vi ved felles strev både skylt og hent dei opp. Dei såg fine og reine ut. Mens vi likevel var ute vart det til at vi spada litt snø og heiv utover så den skal smelte fortare.
Vi har samla oss mange skattar på jorda, ikkje minst plastemballasje som kan vere grei å fryse ting i. I dag plukka vi ein full sekk av spann og boksar for å levere når bossbilen kjem i morgon. Vi har rikeleg att. Det er så greitt med det at vi no kan levere det meste på VØR. 

Torsdag er det ballj-dag på Bakk-Ola og Nils hadde lyst at vi skulle fare dit og ete middag. Eg var ikkje så begeistra sist vi var der, men sa ikkje nei. Då vi kom ned der ca 12.30 var der ikkje meir att. Men vi kunne få karbonadar i staden. Vi takka ja til det. Karbonadane var heilt OK, men den rabbestappa vi fekk attåt-say no more. Nils er ikkje kresen, han et stort sett alt han får, men eg måtte ha kaffi attpå. Vi prata med ein mann som Nils har jobba i lag med. Han er fleire og 90 år, men køyrer sin eigen bil inn til Bakk-Ola og heim att. Heilt klår i toppen. Der kom også ei dame vi kjenner, ho er over 100 år. Ikkje alle gamle er ute på dato.(Der var sjølvsagt mange fleire, både kjende og ikkje kjende.)
Så var vi på Coop og handla på lappane våre, så no har vi stort lager av ymse ting. 
I går kvilte vi ikkje middag, og vart sittande å geispe heile kvelden. Så i dag sette Nils seg i reclineren og såg sport til han somna. Eg reidde opp senga mi på altanen. Kleda som har lege i ein plastkasse på altanen sidan i fjor haust, var tørre og fine og klar til bruk. Eg somna som ein stein med Henning Makells siste(?) bok på øyret. "Kvikksand" heiter den. Då eg vakna verkte eg noko infernalsk i hofta, men eg veit kva det kjem frå- nemleg ryggen som ikkje toler tunge løft. Det går vel over.

2 kommentarer:

solveig sa...

Apropos plastemballasje, så var boksane eg fekk svært kjekke!
Dei kjem kanskje på bloggen ein dag ...

Besta sa...

Ja, vi har slike boksar i mindre storleik. Eg har lært at ein ikkje skal varme mat i mikroen i kva som helst. Kjekt at du likte dei.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...